Kort fortalt

Regjeringa vil bruke meir pengar

Varslar prisjustering av statsbudsjettet

03.02.2023

NPK-NTB: Lønns- og prisveksten har vore høgare enn regjeringa la til grunn i statsbudsjettet. No varslar regjeringa at dei vil justere statsbudsjettet.

– Dei endra føresetnadene påverkar ikkje berre offentlege verksemder som sjukehus, politi, skular og andre, men også verdien av tilskot til bedrifter og organisasjonar og overføringar til folk, som til dømes barnetrygd. Dette gjer vi noko med, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) i ei pressemelding fredag morgon.

Målet med justeringane er at utviklinga i det offentlege tenestetilbodet blir omtrent som føresett i budsjettet då Stortinget vedtok det.

– Vi varslar dette tidleg slik at offentlege verksemder og andre som får pengar over statsbudsjettet, kan planleggje året på ein god måte. Det vil framleis vere eit stramt budsjett, men vi må unngå at verksemdene må kutte som ei følgje av dei endra føresetnadene, seier Vedum.

NRK , som omtalte saka eitt minutt før Finansdepartementet sende ut pressemeldinga, skriv at regjeringa då dei la fram statsbudsjettet i fjor haust, la ein prisvekst på 2,8 prosent i 2023 til grunn. No meiner dei fleste økonomar at det prognosen er for låg. Statistisk sentralbyrå anslår at prisane vil stige med 4,9 prosent i Noreg i år.

I og med at statsbudsjettet er på 1.748 milliardar kroner, betyr justeringa etter det endra prisvekstanslaget at regjeringa må bruke mange milliardar kroner meir.

– Ja, det er mange milliardar per prosentpoeng, seier Vedum til NRK.

Publisert: 03.02.2023 08:09

Sist oppdatert: 03.02.2023 08:11