Kort fortalt

Regjeringsplan for daglegvarehandel

Vil kutte prisar og auke utvalet.

01.02.2023

NPK-NTB: Regjeringa har ein plan på ti punkt for å betre konkurranseforholda i daglegvarebransjen og bidra til betre utval og lågare prisar for forbrukarane.

Regjeringa vil mellom anna finne ut kvar pengane blir av og undersøkje prissignalisering, skriv dei i ei pressemelding.

– I sum er dette kraftfullt. Men eg ser ikkje bort frå at det kjem fleire tiltak, sa næringsminister Jan Christian Vestre til NTB då han delte lista tysdag.

Statsminister Jonas Gahr Støre er kritisk til at fleire varer i matbutikkane har fått kraftig prisauke. Han ønskjer betre konkurranse.

– Det er eg kritisk til, der det er ein kraftig auke. Vi må ha, og vil ha, ein matvaremarknad som har effektiv konkurranse og det må verke slik at kvar enkelt forbrukar erfarer det, seier Støre.

På lista til regjeringa står dette:

1. Regjeringa vil finne ut kvar pengane blir av.

2. Undersøkje prissignalisering.

3. Undersøkje korleis prisane blir til.

4. Forbod mot prisdiskriminering.

5. Omfang og verknader av eigne merkevarer.

6. Omfang og verknader av at same aktør sit rundt same bord.

7. Forbod mot å hindre konkurrentar å bruke butikklokale.

8. Gi Konkurransetilsynet større musklar, altså høvet til å gripe inn tidlegare og breiare der dei ser konkurranseproblem.

9. Senke terskelen for når ein aktør er marknadsdominerande.

10. Gi meir pengar til Dagligvaretilsynet.

Publisert: 01.02.2023 17:03

Sist oppdatert: 01.02.2023 17:06