Nordfjord Kjøtt trekkjer tilbake ytterlegare eit parti karbonadedeig på grunn av mistanke om salmonella i eit parti norsk storfekjøtt.
Karbonadedeigen kan innehalde råvare frå eit parti norsk storfekjøtt der det er mistanke om salmonella.
Det er pakkar av «Karbonadedeig Nordfjord 400 g, 5 % fett» med siste forbruksdato 10. mai 2021 som no blir trekt tilbake. Frå før er pakkar med siste forbruksdato 26. april 2021 trekt tilbake. Dette gjeld både Nordfjords eige merke og merket Prima.
Produkta kan vere kjøpte i alle Rema 1000 butikkar, utanom Troms og Finnmark, Oslo, Viken, Innlandet og Vestfold og Telemark fylke.
Forbrukarar blir bedne om å kaste eller returnere produktet til butikken det er kjøpt i for refusjon.
Mattilsynet ventar enno på svar på analysane av det første mistenkte funnet av salmonella. Etter den første tilbakekallinga fortalde Bente Sande i Mattilsynet til NTB at ein test òg vil avklare kva type salmonella det eventuelt er snakk om.
– Salmonella i norsk storfekjøtt er ikkje så vanleg. Dei gongene det er oppdaga, har det ikkje vore sjukdom som kan smitte til folk. Den salmonella-arten finst naturleg i miljøet. Den kan ein få mange plassar, sa ho.
Bakteriar innan slekta Salmonella er årsaka til sjukdommen salmonellose hos mellom anna husdyr og menneske. Det finst over 2.500 variantar av salmonella, ifølgje Veterinærinstituttet.
Publisert: 23.04.2021 18:26
Sist oppdatert: 23.04.2021 18:28





