NPK-NTB: Helse Møre og Romsdal (HMR) sender helsepersonell, i hovudsak intensivsjukepleiarar, for å hjelpe sjukehus i Oslo-regionen, skriv Sunnmørsposten.
Administrerande direktør Øyvind Bakke i HMR seier førespurnaden kom tysdag og at dei no undersøkjer kven som kan og vil reise utan at det går ut over tilbodet i Møre og Romsdal.
– Vi har allereie vedteke å sende éin intensivsjukepleiar frå sjukehuset i Volda til Akershus universitetssjukehus (Ahus) som reiser onsdag og blir borte i ti dagar. Så ser vi på sjukehusa i Molde og Kristiansund om vi kan sende nokre derfrå til Oslo universitetssjukehus (OUS), seier Bakke til avisa.
– Ved Ålesund sjukehus har vi no fleire innlagde covid-pasientar og truleg ingen tilsette vi kan låne derfrå akkurat no, seier Bakke i Helse Møre og Romsdal.
Publisert: 31.03.2021 08:09
Sist oppdatert: 31.03.2021 08:11