(Sjå video under)
Ei havlêrskilpadde, verdas største havskilpadda, vart observert av forskarar ved Stad i Vestland. Den er utryddingstrua og held primært til i tropiske strøk.
– Vi vart heilt skjelvne då vi såg den eksotiske, nesten to meter lange skapningen i overflata, seier forskar Keno Ferter frå Havforskingsinstituttet.
Havskjelpadda var ikkje åleine, men hadde følgje av det forskarane trur er losfisk og tønnefisk.
– Havlêrskilpadda er truga og held primært til i tropiske og subtropiske farvatn. Den er altså uvanleg i utgangspunktet, og svært sjeldan dokumentert i norske farvatn. Skjønt ho kan symje langt i jakta si på maneter, seier forskarkollega Otte Bjelland.
Publisert: 04.10.2021 14:31
Sist oppdatert: 04.10.2021 15:58





