Kort fortalt

Slit med å seie opp nettabonnement

Ein av fem slit viser rapport.

15.03.2022

Ein av fem synest det er vanskeleg å seie opp abonnement på nett for straum, nettaviser, mobilabonnement og strøymetenester, viser ein ny Sifo-rapport.

Særleg problematisk er det i straummarknaden, ifølgje rapporten. Her svarte 18 prosent av dei spurde at dei slit med å byte straumleverandør, spesielt dei unge.

Forskarane bak undersøkinga peikar òg på at fleire selskap gjer det vanskeleg for kundar å slette konto, personopplysningar og kjøpshistorikk. Forbrukartilsynet viser til at vanskar med å seie opp tenester, kan vere brot på marknadsføringslova.

I rapporten kjem det fram at halvparten av dei spurde gir opp å klage på varer eller tenester dei har kjøpt på nettet. Dei vanlegaste grunnane er at beløpa er for små til å klage på, eller at det tek for mykje tid.

– Undersøkinga viser at forbrukarane ikkje nødvendigvis er klar over avtalevilkåra for oppseiing når dei inngår ein avtale. Det er mange pågåande handelspraksisar i marknadene når det gjeld abonnementsavtalar, seier Sifo-forskar Arne Dulsrud.

Publisert: 15.03.2022 07:42

Sist oppdatert: 15.03.2022 07:43