Ein ny skredradar på Ryggfonn på Strynefjellet skal gi Norges Geotekniske Institutt betre forskingsmoglegheiter og ha betydning for kartlegging av faresoner.
Fram til no har instituttet disponert ein Doppler-radar som må fraktast inn i skredområdet og manuelt blir skrudd på ved hjelp av ein PC, skriv dei i ei pressemelding.
– Den gamle radaren registrerte i praksis berre skred som var utløyste av oss. Dette var fordi det ikkje var mogleg å la han stå på utanom spesifiserte målekampanjar, seier seniorspesialist på snø- og steinskred Peter Gauer.
Målekampanjar i Ryggfonn skal gi betre verktøy til kartlegging av faresoner. Dette vil gjere det lettare å seie kvar ein kan etablere busetnad og infrastruktur trygt for skred.
Publisert: 07.05.2021 15:40
Sist oppdatert: 07.05.2021 15:41





