Kort fortalt

Bollestad til Gjerdsvika og Storfjorden

Bollestad til Bøen Gard og Skarbø Gard.

30.07.2021

Landbruk- og matminister Olaug Bollestad har planar om å vitje Møre og Romsdal 3. august.

Ifølgje programmet publisert på regjeringa sine nettsider, har Bollestad planar om å vitje Bøen Gard i Gjerdsvika i Sande kommune, og Skarbø Gard i Storfjorden i Stranda kommune.

Ho vil nytte høvet til å prate med dei ho meiner ikkje gir ei riktig framstilling av utviklinga i norsk landbruk. Bollestad vil òg nytte høvet til å ta føre seg kva ho meiner KrF har fått til i landbrukspolitikken i perioden partiet har vore i regjering, og om politikken i tida framover.

Publisert: 30.07.2021 13:02

Sist oppdatert: 30.07.2021 13:05