Kort fortalt

Stort hopp i hytteprisane

Har stige 12,6 prosent hittil i år.

18.06.2021

Tal frå Eiendom Norge viser at prisane på fritidseigedommar har stige med 12,6 prosent i første halvår 2021.

Den typiske fritidsbustaden i Noreg kostar no 2.888.516 kroner, viser statistikken frå Eiendom Norge i samarbeid med Eiendomsverdi AS og Finn Eiendom.

– Den kraftige oppgangen i prisar og volum i hyttemarknaden i 2020 overgjekk alt vi har sett tidlegare, og denne utviklinga har halde fram i 2021, seier administrerande direktør Henning Lauridsen i Eiendom Norge.

For sjøhytter steig prisane med 6,4 prosent, medan for fjellhytter og innanlandshytter steig prisane med høvesvis 16,5 og 12,5 prosent.

I første halvår 2021 vart det selt 3.886 hytter i Noreg, noko som er ein oppgang på 27,1 prosent samanlikna med første halvår 2020.

– Vurderinga vår er at koronapandemien har gitt endra etterspurnad både i bustadmarknaden og fritidsbustadmarknaden. Fleksibel arbeidsstad for mange og auka bruk av heime- og hyttekontor har gjort eigen heim og hytte viktigare, seier Lauridsen.

Han forventar ein framleis vekst i hyttemarknaden framover, trass i lemping av smitteverntiltaka og moglegheiter for å reise ut av landet.

(©NPK)

Publisert: 18.06.2021 11:56

Sist oppdatert: 18.06.2021 11:57