Kort fortalt

Studio låner pengar etter minusår

Millionminus etter koronaknekk.

Marius Rosbach
04.04.2023

Platestudioet Ocean Sound Recordings fekk eit underskot på meir enn ein million kroner etter 2022.

I årsrapporten går det fram at eigenkapitalen er tapt, men at drifta er sikra ved eit lån frå eigarane i Momentium.

Drifta har vore betydeleg råka av koronapandemien, skriv styret i rapporten.

Selskapet som hadde sysselsett eit årsverk i fjor, enda med inntekter på drygt 2,6 millionar kroner i fjor. Det er om lag på nivået med 2021, men betydeleg lågare enn 2020 då omsetninga kom opp i nær 3,9 millionar.

Alh As som er holdingselskapet til Momentium-gründarane Ante Rune Giskeødegård og Lars Berg Giskeødegård er største eigarar i Ocean Sound Recordings. Studioselskapet blei starta i 2006 og tilsette nyleg Tonje Alnes som ny studiomanager.

Ocean Sound Recordings
Årsresultat (i mill kr)20222021
Driftsinntekter2,62,5
Driftsresultat-0,7-0,3
Resultat før skatt-1-0,3

Publisert: 04.04.2023 09:04

Sist oppdatert: 04.04.2023 09:05

Mer om