Støtte
STØTTE: ÅKP Digicat fekk støtte frå fylkeskommunen for å gjere testsenteret kjent for lokalt næringsliv og utvikle samarbeidet med innovasjonsmiljø i fylket. Leiar Bjørn Dimmen, Ellen Torset og Arne Nerem Monsholm Digicat ÅKP Bjørn Dimmen. Foto: ÅKP
Kort fortalt

Støtte til ÅKP Digitcat, iKuben og Sintef

Møre og Romsdal fylkeskommune deler ut 2,6 millionar.

20.06.2022

Kva utstyr trengst for å få til meir innovasjon og forsking i fylket, og korleis får vi brukt meir av det vi har? Det får ÅKP Digicat, SINTEF Ålesund, Innveno og Ikuben støtte til å finne, opplyser Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

Det var kultur-, næring- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune som fordelte støtta 14. juni.

Ifølge utvalsleiar Marit Nerås Krogsæter er hensikta med tilskota todelt:

- Den skal få kartlagt kva behov det er for såkalla infrastruktur for forsking og innovasjon, for eksempel teknologi, laboratorie- og testfasilitetar. Den skal også bidra til at kommunar og bedrifter får den rette kompetansen til å ta i bruk utstyret som allereie finst.

Ho meiner begge delar er viktig for at fylket skal kunne fortsette å utvikle og medverke til fleire og betre forskings- og innovasjonsprosjekt.

- Vi må vite kva ressursar vi har for å styrke oss, og for å nå opp i den nasjonale konkurransen om forskings- og innovasjonsinfrastruktur, slik som Forskingsrådet, katapultordninga eller privat finansiering, seier Krogsæter.

Dei som har søkt på ordninga er forskings- og innovasjonsmiljø i fylket. Tildelingspotten kjem frå programmet Smart teknologi i Skaparkraft, program for langsiktig omstilling av næringslivet i Møre og Romsdal.

Slik vart støtta fordelt:

SøkarProsjektTilskot
ÅKP DigitcatMobilisere til bruk av ÅKP Digicat1 000 000
SINTEF ÅlesundMobilisering av maritim sektor til bruk av Møre Ocean Lab500 000
InnvenoInfrastruktur til kompetansesenter i Surnadal250 000
iKubenVeileder for infrastruktur for innovasjon – VIFI850 000
Totalt2 600 000

DigiCat er ein landsdekkande katapult med hovudsete i Ålesund. Katapulten er ei ordning som tilbyr infrastruktur, kompetanse og metodikk for virtuell prototyping, digitale tvillingar og utvikling av (semi)autonome system, for å sette fart i innovasjonsprosessane hos små og mellomstore bedrifter (SMB) i regionen.

Målet med prosjektet er å gjere lokalt næringsliv kjent med testsenteret slik at dei kan teste produkta sine der, og bidra til å løfte dei inn i nye marknader i Noreg og verda. Dei ønsker også å vidareutvikle samarbeidet med andre innovasjonsmiljø i fylket, dei lokale regionale næringshagane, og lokale aktørar som Sykkylven, Sunndalsøra og Surnadal.

SINTEF Ålesund – Mobilisere maritim sektor til bruk av Møre Ocean Lab
Prosjektet ønsker å få maritim næring og tilstøytane delar av marin sektor i Møre og Romsdal til å ta i bruk Møre Ocean Lab for å få auka forskings- og innovasjonsaktivitet på ny havteknologi. Det skal bidra til å akselerere grøn omstilling i dei viktigaste næringane i fylket. Dei vil og kartlegge kva testbehov sentrale aktørar i maritim sektor har. Infrastrukturen i Møre Ocean Lab vil ligge nært eit av tyngdepunkta for maritim og marin verdiskaping i Norge, og skal driftast av NTNU Ålesund med innhald levert av forskings- og innovasjonsaktørar i fylket.

Innveno - kartlegging av behov for lokal robot- og automasjonslab
Prosjektet skal konkretisere og gjennomføre aktivitetar for å kartlegge eit behov for nodesenter med ein robot- og automasjonslab. Nodesenter er eit lokalt senter for å teste infrastruktur før ein eventuelt går vidare med meir omfattande testing på dei nasjonale katapultane.

Senteret skal bidra til kompetanseheving innanfor områda Grøn omstilling og tilpassing til Taksonomien (EUs standardar for berekraft), smart teknologi, automatisering og overgangen til Industri 4.0. Målet er å legge til rette for ein best mogleg infrastruktur for utvikling og bygging av testlab i Surnadal.

NCE iKuben - Rettleiar infrastruktur for innovasjon –VIFI
NCE iKuben er ei tverrindustriell og klynge for fleire bransjar med 54 internasjonalt orienterte bedrifter, hovudsakeleg i Møre og Romsdal, men også deltakarar frå andre delar av landet. Klynger, innovasjonselskap, næringshagar, utdanningsinstitusjonar o.l. er eksempel på miljø som har tilgjengeleg infrastruktur for innovasjon i Møre og Romsdal. Dei forskjellige miljøa har utstyr, metodikk og kompetanse tilpassa behovet dei skal løyse.

Prosjektet vil kartlegge behov, beskrive tilgjengelege miljø, infrastruktur og kompetanse, metodikk og utstyr. Resultatet blir ein rettleiar for ressursar i innovasjonsarbeid og verktøy i regional og nasjonal infrastruktur.

Publisert: 20.06.2022 16:29

Sist oppdatert: 07.11.2024 15:27

Mer om