Kort fortalt

Svindlarar seier dei er politi

Ber om sensitiv informasjon.

23.07.2021

Fleire personar er oppringde frå telefonnummeret til politiet av ein som gir seg ut for å vere etterforskar og ber om sensitiv informasjon.

Innlandet politidistrikt har den siste tida motteke ei rekkje førespurnader frå folk om telefonsvindelen.

Dei understrekar at politiet aldri ber om sensitiv informasjon over telefon. Svindelforsøka er registrerte over heile landet.

– Alle som får slike førespurnader, blir oppmoda til å melde svindelforsøket ved næraste politistasjon, seier leiar for felles eining for påtale i Innlandet politidistrikt, Johan Martin Welhaven.

Det er vanskeleg å seie noko om det totale omfanget fordi mange tilfelle ikkje er melde, ifølgje Welhaven.

Politiet har desse råda:

* Oppgi aldri sensitiv informasjon som personnummer, passord, kontonummer eller BankID over telefon. Dette vil aldri politiet eller andre seriøse verksemder be om.

* Spør om namn, tittel og tenestestad på personen som ringjer. Be gjerne om tenestenummeret til personen i politiet.

* Noter deg tidspunkt for samtalen, og merk deg dialekten til personen/språkform og innhaldet i samtalen.

* Ta kontakt med næraste politistasjon og meld forholdet.

Publisert: 23.07.2021 11:56

Sist oppdatert: 23.07.2021 11:57