Kort fortalt

Trio med bølgjekraftprosjekt

Havkraft, Marina Solutions og Ulstein Betong samarbeider.

28.02.2021

Ørsta-selskapet Marina Solutions, Havkraft i Deknepollen og Ulstein betong på Haddal.er klare til å teste eit bølgjekraftanlegg utanfor akvariet på Tueneset i Ålesund, ifølgje Sunnmørsposten.

Bølgekraftanlegget har fått namnet «Powerpier» og er utvikla til bruk på kaier og flåtar.

Dagleg leiar Torgeir Iversen i Marina Solutions.er spent erfaringa med anlegget som no skal bli testa to månader i sjøen.

Prosjektet har fått støtte frå Innovasjon Norge, og om dei lukkast håpar dei å kunne nytte slike anlegg langs heile kysten mellom anna for å produsere landstraum til skip.

– Vi veit at det verkar, men ikkje hundre prosent om verknadsgraden er stor nok til å kunne produsere for kommersiell bruk, seier han og legg til at om det ikkje skulle fungere som ein håpar, så vil ein uansett dra nyttig lærdom av prosjektet, seier han til avisa.

Publisert: 28.02.2021 23:21

Sist oppdatert: 28.02.2021 23:25

Mer om