Kort fortalt
Tunneldrivinga på Nordøyvegen ferdig
Ordførar og skuleelev fekk skyte salva.
Marius Rosbach
06.05.2021
Elevrådsleiar Frida Otterlei ved Haramsøy skule og ordførar Eva Vinje Aurdal fekk æra av å skyte gjennomslagssalva på Nogvafjordtunnelen tysdag denne veka.
Med gjennomslaget er også tunneldrivinga på Nordøyvegen ferdig, opplyser Møre og Romsdal fylkeskommune i ei melding.
Totalt er det sprengt om lag 1,3 mil tunnel, fordelt på dei tre undersjøiske tunnelane Haramsfjordtunnelen (3500 meter), Fjørtoftfjordtunnelen (3680 meter) og Nogvafjordtunnelen (5730 meter) og miljøtunnelen Burbergtunnelen (170 meter) på Fjørtofta.
Publisert: 06.05.2021 10:00
Sist oppdatert: 06.05.2021 10:04