Åtvarar mot gruvedrift på havbotnen
Forskarar ber om stans i mineralutvinning.
(NPK): Leiande forskarar frå heile Europa åtvarar mot alvorlege konsekvensar for marine økosystem dersom det blir gitt løyve til gruvedrift på havbotnen.
– Vi ber om stans i all jakt på mineral på havbotnen inntil det er forska meir på konsekvensane av slike inngrep. Noreg må ta eit internasjonalt initiativ til auka forsking om og forståing av livet i djuphavet. Først når vi har tilstrekkeleg kunnskap kan det vurderast å opne for gruvedrift, seier biologiprofessor Lise Øvreås ved Universitetet i Bergen og preses i Det Norske Videnskaps-Akademi i ei pressemelding.
Det er i høve verdshavdagen 8. juni at dei europeiske forskarane har gått saman om uttalen. Dei internasjonale havbotnstyresmaktene (International Seabed Authority, ISA), som er oppretta under FNs havrettskonvensjon for å regulere mineralverksemd på havbotnen, kan om få veker komme til å gi grønt lys for utvinning.
– Sjølv om det framleis er store hol i kunnskapen om miljøpåverknadane i djuphavet, vil svært store område av havbotnen bli skadd, og dyre- og plantelivet kan bli drepe ved utvinning av mineral. Det er også ein risiko for store sekundære effektar frå dei store mengdene sediment som blir sleppte ut, seier Øvreås.
Saman med Peter Haugan, fagdirektør ved Havforskingsinstituttet og professor ved Geofysisk institutt ved Universitetet i Bergen, er ho ein del av uttalen, som kjem i regi av dei europeiske vitskapsakademia (European Academies’ Science Advisory Council, EASAC).
– Livet på jorda oppstod i havet. Med så mykje biologisk mangfald, ville det vere omsynslaust å stupe hovudlaust inn i djuphavsgruvedrift og øydeleggje økosystem som kan vere avgjerande for framtidige generasjonar, seier Haugan. Han peikar også på at ei slik avgjerd ville stå i rak motsetning til FNs naturavtale og den nyleg vedtekne avtalen om det opne hav om å beskytte biologisk mangfaldet.
(©NPK)
Publisert: 08.06.2023 12:03
Sist oppdatert: 08.06.2023 12:03