Ny jobb

Inge-Jonny Hide

Ny sjef for Furene As.

30.10.2023
Bilde 2022 10 07 161519245

Inge-Jonny Hide tek over som administerande direktør i Furene As, ifølgje Vestlandsnytt.

56-åringen frå Sande går frå stillinga som administrasjonssjef i Marin Teknikk As, til jobben som toppleiar i konsernet med hovudkontor i Furene, skriv avisa.

Han har vore styreleiar i bedrifta og kjenner selskapet godt. Den rolla vil han no gå ut av.

– Furene As tel mellom 130 og 140 personar, der eine halvparten er ordinært tilsette og den andre halvparten har Furene som varig tilrettelagt arbeidsplass, seier Hide til avisa.

Publisert: 30.10.2023 21:50

Sist oppdatert: 30.10.2023 21:50

Mer om