Haakon riise coop extra hareid foto marius 11
SKIFTA BRANSJE: Butikksjef Haakon Riise ved Coop-butikken har sjølv skifta bransje. – Eg hadde lyst til å gjere noko nytt og utfordre meg sjølv, fortel han.
Nytt

172 ville jobbe i ny Coop-butikk

Nyopna butikk fekk mange søkjarar. Også butikksjefen har skifta beite frå maritim bransje.

Marius Rosbach
04.03.2021

Folk strøyma til då dei tilsette opna dørene til den nye Extra-butikken i Hareid sentrum torsdag. Til stades var både ordførar og styreleiaren i Hareid Næringsforum – og ein lang rekke kundar.

Den store parkeringsplassen framfor butikken var omtrent full då butikken opna i føremiddag.

Den 1410 kvadratmeter store butikken ligg i eit nybygg rett ved sidan av det nye helsehuset. NETT NO har tidlegare omtala korleis heile kvartalet er snudd om, og no vender ut mot sjøen.

– Fått velje frå øvste hylle
Butikksjef Haakon Riise kan fortelje at det overhovudet ikkje var vanskeleg å få tak på folk som ville ha jobb i den nye butikken. Heile 172 søknadar kom inn.

– Eg er veldig nøgd med den gjengen eg har fått, og har fått velje frå øvste hylle. Med ein ny og spennande butikk , så blir folk ekstra gira. Det er også mange med god kompetanse som søkte, fortel Riise til NETT NO.

Hareid er no mellom kommunane på Nordvestlandet med høgast arbeidsløyse, men butikksjefen fortel at det var søkjarar som var i mange ulike situasjonar.

(saka held fram under)

Eg er veldig nøgd med den gjengen eg har fått og har fått velje frå øvste hylle
Haakon Riise
Coop extra hareid opning 11
STRØYMA PÅ: Kundane strøyma på torsdag. Hareid har vore utan Coop-butikk sidan den førre blei reve for å gi plass til nybygget. Foto: Marius Rosbach

Kjem frå maritim bransje
Også butikksjefen sjølv har skifta beite og kjem frå Herøy-selskapet Norwegian Greentech, der han jobba med sal- og prosjektleiing. Han fortel at det ikkje var usikkerheit kring den maritime bransjen som var årsaka til at han ville gjere noko nytt.

– Eg jobba med system for å reinse ballastvatn, så min arbeidsplass var trygg og bedrifta blomstra som berre det, fortel han.

Som kjend er Norwegian Greentech del av det «grøne» selskapet Hav Group, som er skilt ut frå Havyard-konsernet – og som blei børsnotert torsdag.

– Hadde lyst til å gjere noko nytt
Butikksjefen har teke utdanning innan handels- og salsleiing ved dåverande Høgskulen i Ålesund. Han har også jobba ved den tidlegare Coop-butikken på Hareid, ved sidan av skule og studie for kring ti år sidan. Slik sett var daglegvare eit naturleg val.

– Eg hadde lyst til å gjere noko nytt og utfordre meg sjølv etter å ha jobba med det same i ein del år, fortel Riise.

Riise har også tidlegare vore inne på tanken om å skifte til daglegvarebransjen. Då moglegheita dukka opp hos Coop Nordvest, var han ikkje i tvil.

– Då måtte eg berre ta den sjansen, seier han.

– I daglegvare skjer ting veldig fort
Daglegvarebransjen har vore mellom handelsvinnarane under koronapandemien. Riise er ikkje i tvil om at butikkar som Coop Extra med store areal og bredde i vareutvalet vil stå sterkt også framover.

– I daglegvare skjer ting veldig fort, og du må vere på ballen og omstille deg heile tida. Samtidig ser du resultata av innsatsen du legg ned mykje raskare, enn i den maritime bransjen som er meir kontraktsbasert arbeid. Det synest eg er spennande, avsluttar han.

Sjå direktesending frå opninga på Facebook-sida til Vekst i Hareid (ekstern lenke)

Publisert: 04.03.2021 14:01

Sist oppdatert: 05.03.2021 09:43

Mer om