Arbeidsulyker IKKE GJENBRUK Illustrasjonsfoto Hallvard Østrem NPK NPK
MANGE FALLULUKKER: Tre av personane som døydde i fjor, omkom i fallulukker. Dei fleste av falla skjedde frå tak, golv eller ein annan del av bygningen, etterfølgt av fall frå stillas og stige. Det er menn i aldersgruppa 55–67 år som fell mest på jobb. Illustrasjonsfoto: Hallvard Østrem / NPK / NPK
Nytt

31 menneske mista livet på jobb i fjor

Talet på dødsfall og alvorlege ulukker aukar - og unge er mest utsett. Fire bransjer toppar statistikken.

Marius Rosbach
26.11.2022

(NPK - Heidi Molstad Andresen): Talet på arbeidsskadedødsfall og alvorlege ulukker aukar, og det er unge menn som er mest utsett.

Statistikken syner at 31 menneske mista livet på jobb i fjor, og at fire av dei faktisk vart fanga eller klemt i hel.

Fire næringar peikar seg ut og toppar statistikken over arbeidsskadedødsfall frå Arbeidstilsynet: Ni dødsfall i bygg- og anlegg, sju i transport og lagring, seks i industrien og fem innan jordbruket.

Samla skjedde altså 27 av fjorårets 31 dødsfall i desse fire næringane.

I 2021 var fall den mest utbreidde typen ulukke, med 633 registrerte tilfelle, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.


Etter det følgde ulykkestypene støyt eller treff av gjenstand, stikk eller kutt av skarp gjenstand og elektrisk spenning.

Eldre menn fell mest

Frå 2011 til 2020 omkom det i snitt åtte personar kvart einaste år i bygg- og anleggsbransjen.

I 2021 vart det registrert ni arbeidsskadedødsfall og 2978 arbeidsskadar i næringa. Det svarar til 11 arbeidsskadar per 1000 tilsette. Dette er det høgste talet sidan 2016 og ein auke frå 9,3 i 2020.

Tre av personane som døydde i fjor, omkom i fallulukker. Dei fleste av falla skjedde frå tak, golv eller ein annan del av bygningen, etterfølgt av fall frå stillas og stige. I mange av tilfella var ikkje arbeidsstaden tilstrekkeleg sikra mot fall. Fall som ulukkestype skil seg ut, ved at det er menn i aldersgruppa 55–67 år som fell mest på jobb:

– For å forhindre fallulukker, er erfaring truleg mindre viktig, mens det er desto viktigare med skjerpa sansar i form av reaksjonstid og balanse. Om ein først fell, kan også konsekvensane bli større med alderen, som følgje av at ein toler mindre og kanskje også generelt er noko tyngre, seier direktør i Arbeidstilsynet, Trude Vollheim, til NPK.

Frå januar til og med oktober i år har 21 personar mista livet på jobb på land.

Av dei arbeidde også åtte innan bygg- og anlegg. Fram til oktober i år har Arbeidstilsynet totalt fått varsel om 1751 ulykker. 976 av desse er ulykker med alvorleg skade.

Bekymrar Arbeidstilsynet
Direktør i Arbeidstilsynet, Trude Vollheim, seier til NPK at tala bekymrar ho. For sjølv om store delar av næringa har jobba systematisk med førebygging dei siste åra, ser tala ikkje ut til å gå ned.

At talet på arbeidsskadedødsfall frå januar til oktober i år førebels er lågare enn i det same tidsrommet i fjor, betyr heller ikkje at det vil bli færre dødsfall totalt i år enn i fjor, seier ho.

– Arbeidsskadedødsfall og arbeidsulukker både kan og skal førebyggjast. Det er viktig at verksemdene jobbar systematisk med sikkerheit og kartlegg farar og problem som kan føre til ulykker. Arbeidsgjevar er ansvarleg for å sette i verk tiltak for å redusere risikoen og følgje opp at arbeidet blir utført på ein sikker måte. Men arbeidstakarane har også sjølve ansvar for å avbryte arbeidet dersom dei meiner det er farleg, understrekar Vollheim.

Flest dødsfall i Viken og Vestland
Av fjorårets arbeidsdødsfall skjedde det flest Viken og Vestland, med seks dødsfall i kvart fylke. Vestfold og Telemark, Trøndelag og Finnmark hadde færrast, med eitt dødsfall i kvart av fylka.

Arbeidsskadedødsfall fylkesoversikt

Arbeidsskadedødsfall i 2021

  • Viken: 6
  • Vestland: 6
  • Rogaland: 5
  • Nordland: 5
  • Oslo: 2
  • Møre og Romsdal: 2
  • Innlandet: 2
  • Vestfold og Telemark: 1
  • Trøndelag: 1
  • Troms og Finnmark: 1

Risiko å vere ny i jobben
Direktør i Arbeidstilsynet, Trude Vollheim, seier det finst fleire studiar som syner at «newness» gir høgare risiko for arbeidsskadar. «Newness» er eit omgrep som blir brukt om arbeidstakarar som er nye i arbeidslivet eller i jobben – uavhengig av alder.

– Det er altså ikkje nødvendigvis alder i seg sjølv som er ein risikofaktor, men kva slags arbeidsoppgåver ein har. I tillegg ser ein at manglande sosial støtte frå leiinga, tungt fysisk arbeid og høge psykologiske krav, spelar inn, fortel Vollheim.

Publisert: 26.11.2022 05:00

Sist oppdatert: 27.11.2022 13:07

Mer om