Stranda fjord trail race innfelt oscar almgren foto stranda fjord trail race ogne 11
STOR PÅGANG: I fjor var det om lag 450 påmelde til Stranda Fjord Trail Race. No har Oscar Almgren (innfelt) allereie fleire enn 500 namn i påmeldingslistene. Foto: Stranda Fjord Trail Race/Ogne Øyehaug
Nytt

Fjelløp gir storinnrykk til Stranda

Må leige hotellskip for å takle rekordinteresse til sommarens løp.

Marius Rosbach
11.01.2022

Etter at Stranda Fjord Trail Race i år er del av det verdsomspennande samarbeidet Golden Trail World Series, har interessa teke heilt av.

Oscar Almgren er med å arrangørteamet og fortel at dei allereie har passert talet på påmelde i fjor med god margin – sju månader før startsskotet går 6. august.

– Vi har passert 500 påmelde og trur at vi får besøk av mellom 800 og 900 løparar, fortel han til NETT NO.

Almgren fortel at dei treng ekstra overnattingsplassar. Difor har dei planar om å leige inn eit hotellskip med plass til minst 100 sengeplassar for å huse dei tilreisande.

I helga gjekk han ut og etterlyste tips om skip, men førebels er det ikkje gjort nokon avtale om korleis det skal løysast.

Første gong i Skandinavia
Stranda-løpet har vorte arrangert sidan 2015. For Almgren starta det som ein hobby ved sidan av drifta av aktivitetsselskapet Uteguiden.

– I år har det teke heilt av, legg han til.

Det er første gongen Skandinavia er med i Golden Trail World Series. Arrangementet er ein serie på seks løp i Europa og UA, der verdas ti beste mannlege og kvinnelege løparar blir invitert.

– Førebels har vi løparar frå alle kontinent, unntatt Arfrika. Det kjem løparar frå både Asia, Europa, Nord -og Sør-Amerika og Australia, fortel Almgren.

Mange skituristar på gjerde
I tillegg til å planlegge sommarens fjelløp, er Almgren i full jobb med vintersesongen i Uteguiden. Han fortel at dei så langt har hatt bra aktivitet, men koronapandemien gjer at det langt frå er nokon normalsesong.

Almgren meiner auka usikkerheit gjer at mange sit på gjerde når det kjem til å legge reiseplanar. Då NETT NO snakkar med han måndag, er han likevel vertskap for ei gruppe engelske gjestar.

– Vi har starta å få nokre utanlandske gjestar igjen, så det er positivt. Men eg opplever at nordmenn har vore tregare i år enn i fjor, og trur det er fordi folk er usikre på om det blir mogleg å reise til utlandet, eller ikkje, seier han.

Spent på koronatiltaka
Auka smitte og strengare koronatiltak har avgrensa reiseverksemda den siste månaden. Regjeringa skal denne veka legge fram kva for tiltak dei vil gjennomføre frå torsdag.

– Eg er veldig spent på kva som kjem. Den avgjerda kan nok vere med å endre situasjonen, legg Almgren til.

Publisert: 11.01.2022 05:55

Sist oppdatert: 11.01.2022 06:11

Mer om