Tafjord kraftliner foto Tafjord Kraft
Illustrasjonsfoto: Tafjord Kraft
Nytt

Analytikarar ventar lågare straumprisar

– Inga forventning om at prisane vil nå det same, høge nivået som i fjor, seier Rystad-analytikar.

25.07.2023

(NPK-NTB-Ragnild Tiller): Prisen på straum vil stige noko utover hausten, spår kraftanalytikarar. Samtidig er det ikkje venta at vi vil sjå dei same høge prisane som i 2022.

For alle dei fem straumsonene sett under eitt låg snittprisen på straum på i overkant av éi krone per kilowattime mellom januar og juni. Det svarer til eit fall på rundt 36 prosent frå inngangen til 2023. I juni låg snittprisen på rundt 80 øre per kilowattime i dei tre prisområda i Sør-Noreg.

– No er prisane ganske låge. Det ser ut som at dei vil halde seg låge i ei stund framover, seier senioranalytikar Fabian Skarboe Rønningen i Rystad Energy til NTB.

Ventar ikkje 2022-prisar
Utover hausten vil vi nok sjå noko auke fordi vassreservane blir tappa. Gassprisane i Europa kan også sjå ut til å auke, og dette bidreg til å presse prisane i Noreg og Norden opp, seier han.

– Men det er inga forventning om at prisane vil nå det same, høge nivået som i fjor, seier Rystad-analytikaren.

Snittprisen på straum enda på rundt 2 kroner per kWh i heile Sør-Noreg i 2022. Det er nær tre gonger høgare enn det førre rekordåret 2021 og 20 gonger høgare enn i 2020. Døgn- og timeprisar var i periodar mykje høgare, men ein snittpris på 2 kroner kilowattimen er på eit nivå vi aldri har vore i nærleiken av tidlegare i Noreg.


Under krona per kWh
Senioranalytikar Lene Hagen i Volue Insight seier til NTB at utviklinga i vêret gjennom hausten og i vintermånadene er ein nøkkelfaktor for kva straumprisar vi får.

– I gjennomsnitt, slik vi ser det no, kan vi vente oss prisar på rundt éi krone per kilowattime i sonene i Sør-Noreg mot vinteren. Dette kan endrast. Det er naturleg at haustmånadene, med lågare temperaturar, kan by på høgare prisar som følgje av auka forbruk. Viss vi får ein lengre kuldeperiode, som vi såg i fjor, kan dette forsterke prisutviklinga ytterlegare, seier ho.

Dei ekstreme prisane vi opplevde for eit år sidan, var ein heilt spesiell situasjon, og sannsynet er lite for at vi vil oppleve desse i år igjen, seier senioranalytikaren.

Lågare prisar i nord
I nord er prisane framleis venta å vere litt lågare enn i sør for haust- og vinterperioden, men prisforskjellen er mindre enn den vi opplevde i fjor, seier Hagen.

– Prognosane våre viser per no prisar i retning av 60 øre per kilowattime i gjennomsnitt i januar og februar, seier ho.

Ifølgje Skarboe Rønningen kan vi vente at prisen på straum vil liggje mellom 40 og 70 øre per kilowattime i dei neste seks månadene.

– Dette er eit gjennomsnitt. Nokre dagar kan prisane vere mykje høgare eller mykje lågare. Det kan vere stor variasjon mellom sonene, og prisane i nord vil framleis vere noko lågare enn prisane i sør, seier han.

Tre faktorar er sentrale
Tre drivarar er sentrale for utviklinga så langt i 2023, seier Skarboe Rønningen. For det første er fyllingsgrada i vassmagasina høgare no enn i fjor. Vi har betre vassressursar no som følgje av meir snø i fjella, seier han.

– Den nest viktigaste faktoren er at nordmenn har redusert forbruket av straum som følgje av dei høge prisane vi såg i 2022. Folk har vorte meir merksame på når dei bør bruke straum og ikkje, seier Rystad-analytikaren.

Noreg og Norden er også kopla tett på resten av Europa. Dei siste seks månadene har prisane på kol og særleg gass falle mykje, seier han.

– Det skal seiast at prisane no er høgare enn dei var for to år sidan. Men samanlikna med for eitt år sidan er straumprisane lågare, seier Skarboe Rønningen.

Fornybar energi
Også Hagen trekkjer fram auke i vassreservane og lågare etterspurnad etter straum som sentrale drivarar i utviklinga i dei siste seks månadene.

– Det har vore ei svært god utvikling i gasslagera i Europa, noko som har bidrege til å presse prisane ned, seier senioranalytikaren.

Gasslagera i Europa ligg no på rundt 82 prosent, mot 65 prosent i fjor, seier ho.

Det blir også levert ei stor grad av fornybar energikapasitet i år i form av både vind- og solkraftproduksjon på den europeiske energimarknaden. Dette påverkar prisnivået her heime, seier senioranalytikaren.

– Alt i alt er det mange positive ting som har skjedd i det siste halvåret, som gjer at vi ser ein heilt annan situasjon i Noreg og Norden no, samanlikna med for eit år sidan, seier Hagen.

(©NPK)

Publisert: 25.07.2023 10:08

Sist oppdatert: 25.07.2023 10:08

Mer om