Bjorn age hamre retten foto marius
ANKA TIL LAGMANNSRETTEN: Bustyrar Bjørn Åge Hamre etter Kleven-konkursane anka tingretten si frifinning av den tidlegare verftseigaren Tomislav Debeljak (t.v. bak). Foto: Marius Rosbach
Nytt

Har skifta advokatar før ny runde i søksmål

Konkursbuet stiller med nytt lag i retten mot den tidlegare eigaren av Kleven-verftet.

Marius Rosbach
26.11.2024

Tidleg neste år er det klart for ei ny runde i søksmålet mot den tidlegare eigaren av Kleven-verftet. 

Det er sett av 11 dagar i Gulating lagmannsrett i Bergen frå den 13. januar.

Då vil konkursbuet stille med nye advokatar til å føre saka. 

– Vi ville ha ein «second opinion» og fekk eit nytt team til å sjå på saka, før vi tok ei endeleg avgjerd om å anke, seier bustyrar Bjørn Åge Hamre til Nett No. 

Ikkje misnøgd med tidlegare advokatar
I tingretten var det advokatane Kristoffer Larsen Rognvik og Jan Vablum frå  advokatfirmaet Simonsen Vogt Wiig, som representerte buet. 

I lagmannsretten blir det i staden Filip Truyen, Kaja Kvinnsland og Morten Valen Eide fra Wikborg Rein, som representerer buet etter verftskonkursane. 

Hamre påpeiker at det ikkje ligg noko misnøye med arbeidet frå dei tidlegare advokatane bak avgjerda. 

Tomislav Debeljak tingretten Foto Marius Rosbach
FRIKJENT: Tomislav Debeljak (t.h.) blei frikjent av Hordaland tingrett. I januar må han møte til ny runde i søksmålet i Gulating lagmannsrett. Foto: Marius Rosbach

Debeljak: – Alltid foreslått konstruktive løysingar
Den tidlegare eigaren av Kleven-verftet, Tomislav Debeljak, blei frikjent for kravet om 136 millionar i tingretten i fjor. 

No må den kroatiske forretningsmannen  igjen møte i retten for å svare på skuldingane om at han opptredde aktlaust i eigarskapet av den tradisjonsrike verksemda på Sunnmøre. 

På spørsmål frå Nett No om det er gjort, eller blir gjort forsøk på å kome til eit forlik i saka, svarar han slik: 

– Frå vår side har vi alltid foreslått konstruktive løysingar, og ikkje slike som vil vere til skade for alle, spesielt ikkje Kleven-verftet eller arbeidarane deira, skriv Debeljak i ei melding. 

Kroaten opplyser at han kjem til å stille i retten. 

Meinte seg urettvist behandla
Gjennom sju dagar hausten 2023 fekk tingretten i Bergen høyre dramaet kring Kleven Verft, etter at Debeljak kom inn som eigar våren 2020.

Både Debeljak og forsikringsselskapet Tryg som hadde teikna styreforsikring for Debeljak, var saksøkt. 

Bakgrunnen var at bustyret meiner den kroatiske forretningsmannen var personleg ansvarleg for tapa etter at tre verftsselskap gjekk konkurs sommaren 2020. 

Allereie då konkursen var eit faktum meinte Debeljak at han var urettvist behandla. Det stod den tidlegare verftseigaren på, då han forklara seg i retten og bad om frifinning.

Tingretten la skulda på bankane
Dommen i tingretten var tydeleg på at Debeljak ikkje kan seiast å ha oppført seg aktlaust, slik saksøkarane har hevda.

Retten la i stor grad skulda på bankane for tapa som oppstod, og meinte dei hadde andre alternativ enn å seie opp låneavtalane med verftsselskapet.

Bustyrar Bjørn Åge Hamre fortalde til NETT NO etter dommen i tingretten, at han var overraska over resultatet. Ein rekke leverandørar på Nordvestlandet tapte pengar i konkursane, og det opphavelege kravet var på nærare 200 millionar kroner.

NETT NO gjer merksam på at Green Yard Kleven ikkje har noko med søksmålet å gjere, som omhandlar det tidlegare verftsselskapet på Kleven.

Alt om søksmålet etter Kleven-konkursane

Publisert: 26.11.2024 05:00

Sist oppdatert: 16.12.2024 09:26

Mer om