Arne Nore i Podium-sending: Trur på ny lakseboom etter korona
Den tidlegare Pan Fish-sjefen har skifta syn om landbasert oppdrett og trur på meir investeringar i utlandet.
Arne Nore var halde ein låg profil etter at Pan Fish - den gang Noregs største oppdrettselskap - vart slukt inn i Mowi-konsernet (tidlegare Marine Harvest) og hovudkontoret flytta til Bergen etter krisa i oppdrettsnæringa i starten av 2000-talet.
Dermed blei det andre som sat i førarsetet i den utvikling som den gamle Pan Fish-leinga hadde sett for seg, i retning av større og og meir integrerte oppdrettselskap.
I den siste episoden av podcasten Podium gir Nore eit sjeldent intervju, saman med Roger Hofseth, som i 2016 kjøpte oppdrettsselskapet Fjordlaks frå Anders Pedersen, og sa at eitt mål med oppkjøpet var å gjenreise Ålesund som oppdrettsby.
E12/S2 Arne Nore og Roger Hofseth - historia og framtida til norsk oppdrettsnæring.
Nore er optimistisk på laksenæringa sine vegne, men og klar på at den norske dominansen i næringa kan blir utfordra.
- Slik marknaden er no så trur vi på ein voldsom sterk marknad når koronaen er over, som krev meir fisk, som gir høgare prisar, betre marginar og meir investering i landbasert oppdrett i utlandet, seier Nore.
Han meiner det må bli enklare og rimlegare å auke produksjonen i Noreg, der veksten i næringa har vore dempa av miljøomsyn - først og frems knytt til problem med parasitten lakselus..
- Det einaste vi kan kontre med er å gi litt større fridom i Noreg, seier Nore.
Snudd om oppdrett på land
I Podium-episoden seier Nore at han inntil for fem-seks år sidan ikkje hadde trur på at storskala oppdrett på land kunne lukkast. Så skifta han meining.
- Der snudde eg ganske fort, seier han.
Oppdrettsnæringa har gradvis forlenga tida laksen veks opp i lukka anlegg før den blir sett ut i sjøen, og når du kan la laksen veks opp til ein kilo før den blir sett ut i sjøen er det ikkje så stor skilnad på å la den vekse opp i lukka anlegg til den blir fem kilo og slakteklar, i følgje Nore.
Kapitaltungt og kostbart
I Pan Fish-tida hadde dei dyktigaste oppdrettarane kostnadar godt under 20 kroner per kilo laks. I dag seier Roger Hofseth at han ikkje trur noko klarer å produsere under 35 kroner kiloen.
Det er kostnadane, med å kjøpe konsesjon, investere i anlegg og fisk og auka produksjonskostnadar - saman med høge lakseprisa og betre lønsemd som har drive fram utviklinga i retning av oppdrettsanlegg på land og lukka oppdrettsanlegg i sjøen, som til dømes Salmar sitt flytande anlegg meint for plassering i ope sjø. Det er både Roger Hofseth og Arne Nore samde om.
Opnar for nye stadar
Naturgitte forhold har gitt Noreg ein fordel som oppdrettsnasjon, fordi det er avgrensa kor mange stadar det er råd å drive oppdrett av laksefisk i sjø.
Kan du drive oppdrett på land eller i lukka anlegg til havs endrar det seg.
- Kan du legge ei mær (ei lukka mær, red. merk) på norskekysten, utanfor skjærgarden, så kan du i alle fall.. ja eg veit mange plassar i Portugal der du kan ligge utan problem, seier Nore.
Men korkje han eller Hofseth trur landbasert eller lukka anlegg i sjø vil fortrenge oppdrett i opne anlegg langs kysten. Det blir både og, men næringa må følgje med og bu seg også på å vere med på veksten ute.
- Nordmenn har ingen problem med å satse utanfor Noreg, seier Nore.
Publisert: 28.05.2021 10:52
Sist oppdatert: 28.05.2021 11:37