Harald Tom Nesvik Sveinung Flem Surofi foto Ogne montasje
ULTIMATUM: Noko av det siste Harald Tom Nesvik (innfelt til venstre) gjorde som fiskeriminister var å kreve at meir fisk blir lagt ut på auksjon. Frå årskiftet kjem nye reglar, fortel Sveinung Flem (innfelt til høgre) i Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Auksjonspåbod for fiskeflåten

Frå årsskiftet må minst halvparten av fangsten av torsk og sei seljast på auksjon.

06.05.2021

Bakgrunnen for regelendringa er ein langvarig strid mellom fiskebåtreiarane og den norske fiskeindustrien.

Industrien har klaga på at mindre frisk blir tilgjengleg for dei, fordi fiskebåtreiarane sel meir fisk på lange kontraktar, eller sjølv byggjer opp distribusjon og eigne merkevarer gjennom eigne salsselskap.

Det er først og fremst salet av torsk og sei, som mellom anna er råstoff for klippfiskindustrien, som er omstridd.

Lovverket er slik at fiskeindustrien ikkje sjølv kan kjøpe fiskebåtreiarlag og dermed få kontroll over råvaretilførselen på den måten.

Gjennom Sunnmøre og Romsdal Fiskesalg (Surofi) blir over halvparten av torsk og sei seld på auksjon, men på landsbasis er andelen under 50 prosent, ifølgje administrerande dirktør Sveinung Flem.

Ultimatum
Noko av det siste Harald Tom Nesvik (Frp) gjorde som fiskeriminister var å stille eit ultimatum til fiskarane:

Finn ei løysning som sikrar at fisken som blir fiska blir tilgjengeleg for alle. Skjer ikkje det, kjem regjeringa til å vurdere eit påbod om at all fisk skal seljast på auksjon, var bodskapet frå Nesvik på Ombordfrystkonferansen i Ålesund i januar 2020. Han meinte eit omfattande sal av fiske utanom auksjon var blitt eit problem.

- Det er heilt opplag at det er bedrifter som ikkje får råstoff i periodar. Blant anna på grunn av dette, sa Nesvik til NETT NO.

Nye krav
Sveinung Flem i Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag har vore med i ei gruppe som har utarbeidd nye reglar for korleis fiskarane skal selje fisken. Grunnen til at regelendringa først skal gjelde frå årsskiftet, var at salslaga ville sjå an kor mykje koronaepeidemien eventuelt skipla marknaden, før regelverket vart endra.

Fiskesalslaga har monopol på førstehandsomsetninga av fisk, og vil også få kontrollansvaret for at dei nye reglane blir fylgd, ifølgje Flem.

Regelen er at minst halvparten av kvoten av torsk og sei - som blir sløyd, hovudkappa og frosen ombord - må leggast ut på aksjon. Korleis fiskarane regulerer når, og kor mykje av kvar fangst som skal seljast på auksjon er opp til dei, men Flem reknar med at det samla sett vil spreie seg jamt ut over året.

Korona-smell
Sunnmøre og Romsdal Fiskeslag omsette fisk for omlag 2,5 milliardar kroner i 2020. Det er ein nedgang på 12 prosent, men likevel den nest høgaste omsetninga laget har hatt.

Koronapandemien og tiltaka mot den, førte til ei stor endring i marknaden, og mykje av etterspørselen frå restaurant- og reiselivsmarknaden fall vekk.

På plussida var ein svak krone, som gav fiskarane meir att målt i norske kroner - og ein vekst i kjøp av fisk i daglegvarebutikkane.

Verst prisfall var det for torsk, 20-30 prosent ned etter at pandemien kom, ifølgje årsmeldinga til Sunnmøre og Romsdal Fiskesalglag.

No er ser Flem teikn til at koronaeffekten i marknaden kan gå mot slutten.

- Marknaden normaliserer seg, seier han.

Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekter24,526,8
Driftsresultat5,07,1

Resultat før skatt

6,08,7

Publisert: 06.05.2021 13:00

Sist oppdatert: 21.05.2021 00:03