Avlyser kjøp for over halv milliard
Oppdrettkjemper har avlyst kjøp av ekstra produksjonskapasitet for 550 millionar kroner.
Gjennom det såkalla trafikklyssystemet blei det opna for auka produksjon i området der styresmaktene meinte det var miljømessig forsvarleg.
Både Mowi (tidlegare Marine Harvest), Lerøy Seafood Group og Salmar nytta i siste runde sjansen til å auke produksjonskapasiteten. Det er ein rett selskapa må betale til det offentleg for å få.
Etter at regjeringa i førre veke overraska oppdrettsnæringa med at den vil innføre såkalla grunnrenteskatt på 40 prosent har alle tre selskapa avlyst kjøpa. Grunnrenteskatten kjem på toppen av den vanlege skatten på 22 prosent.
550 millionar
Regjeringa sitt framlegg gjer at Mowi ikkje lenger kan forsvare kjøpesummen, skriv Mowi i si børsmelding. Grunngjevinga er den samme også frå Salmar og Lerøy Seafood Group.
Tilsaman avlyser dei tre no kjøp av retten til auka produksjonskapasitet for 550 millionar kroner.
Ber regjeringa ombestemme seg
Mowi ber i børsmelding regjeringa revurderer framlegget og åtvarar mot konsekvensane:
"Havbruksnæringen er en fremtidsnæring vi som nasjon ønsker at skal vokse og det forelagte skatteforslaget påvirker investeringsevnen og viljen svært negativt. Følgelig vil en skattesats på 62% stanse vesentlige investeringer langs hele kysten som ikke bare vil føre til færre arbeidsplasser lokalt, men også en betydelig overføring av verdier fra kystsamfunnene til sentrale strøk.", skriv Mowi i børsmeldinga.
Set utbygging på vent
Lerøy Seafood Group skriv i si børsmelding at selskapet både avlyser kjøp av ekstra produksjonskapasitet og legg investeringar på is.
Investeringstoppen gjeld ikkje berre investeringar som det er planar om, men og investeringa på 420 millionar kroner som er i gang for å få auka bearbeidingskapasitet på Skjervøy i Troms.
Publisert: 04.10.2022 08:48
Sist oppdatert: 04.10.2022 10:08