Ronny Langset Vard foto Marius
HØGRE TRUSSELNIVÅ: Administrerande direktør Ronny Langset ved Vard Langsten fortalde korleis verftskonsernet er merksame på eit høgare trusselnivå. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Avslørte truleg fordekt Russland-leveranse

Vard fatta mistanke ved bestilling av høgteknologiske sensorar.

Marius Rosbach
07.03.2024

Under det årlege toppmøte Ocean Summit på Finnøya kunne verftsdirektør Ronny Langset ved Vard Langsten fortelje om eit konkret eksempel på korleis den maritime industrien er interessant for framande makter.

Kunden gav seg ut for å vere ei finsk selskap som ønska å levere avansert teknologisk utstyr, men viste seg i realiteten å vere eit firma frå Russland.

Vard-konsernet har hatt ein rekke oppdrag med å bygge skip til forsvarsindustrien, og er no i sluttspurten med å levere tre kystvaktskip. Den erfaringa trur verftsdirektøren var medverkande til at situasjonen blei avslørt

– Eg trur ikkje det hadde blitt oppdaga, om vi ikkje hadde vore så påskrudd, fortalde Langset om hendinga.

– Dette er ein kjempetrussel
Verftsdirektøren understreka at også den sivile delen av den maritime industrien har mykje teknologi som kan vere interessant militært.

– Dette er ein kjempetrussel som vi må vere merksame på. Eg trur det er mange som ikkje tenker nok over denne problemstillinga, sa Langset.

I det aktuelle tilfellet dreia det seg om eit høgteknologisk system som kommunisere med all anna teknologi om bord i eit sivilt skip.

Blei råda til å ikkje skrive kontrakt
Det var ein tilsett i Vard som fatta mistanke til at selskapet kunne vere russisk. Dermed kontakta verftet Nasjonal Sikkerhetsmyndighet for å be om deira vurdering.

Tilbakemeldinga var klar: – Dei ønska ikkje at vi skreiv kontrakt med dette selskapet, sa Langset.

Dermed var konsernet ikkje i tvil om at dette var ein avtale dei ikkje ville gjennomføre.

Anbefalte å lese PST-rapport
Verftsdirektøren trakk fram PST sin årlege trusselvurdering som obligatorisk lesing for alle i industrien. I den siste utgåva blir maritim teknologi peika på som eit område der framande makter kan vere interessert i å sikre seg kunnskap frå norske bedrifter.

– Vi må vere merksame, og vite kven vi handlar med og kven som er eigaren av leverandørselskapet. Slik kan vi bidra til auka totalberedskap og fokus på sikkerheit i Norge, sa Langset.

– Det er også mange andre viktige poeng i denne rapporten, og den bør lesast, la han til.

Publisert: 07.03.2024 16:09

Sist oppdatert: 07.03.2024 16:09

Mer om