Ber maritim bransje bu seg på opprusting
Per Vidar Kjølmoen (Ap) og Hanne Notøy (Ap) ber maritim bransje kjenne sin besøkelsestid når Noreg skal ruste opp forsvaret.
Då Arbeidarpartiet si stortingsgruppe i går møttes for å kome med sine tilrådingar til statsbudsjettet for neste år vart Forsvaret sett øverst på prioriteringslista, seier stortingsrepresentant Per Vidar Kjølmoen (Ap).
Bakgrunnen er krigen mot Ukraina og rapporten som Forsvarskommisjonen kom med tidlegare i år. Der vart det mellom anna gitt råd om å investere 300-350 milliardar kroner i nye overflatefartøy til sjøforsvaret i løpet av komande ti-årsperiode.
- Eg trur dette representerer ein av dei største moglegheitene for norsk maritim næring på veldig lenge, seier Kjølmoen.
Må samordne seg
Fredag var Kjølmoen og Ulstein Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat Hanne Notøy på besøk hos Kongsberg-avdelinga i Ulsteinvik saman med bransjeorganisasjonen Maritim Forum. Poenget med besøket var mellom anna å lansere eit utspel om at bedriftene i maritim næring å ta val og samordne seg om kva dei vil prioritere å satse på for å få størst uttelling når både Noreg og mange andre land no kjem til å auke forsvarsbudsjetta.
- Eg trur det må takast nokre strategiske val, seier Kjølmoen.
Vil ha standardisering
Grunnen til at politikarbesøket vart lagt til ei bedrift i Kongsbergkonsernet et at Kongsberg har satsa på å utvikle eit design for eit militærfarøy som kan utrustast for mange ulike militære formål.
Sjølve fartøyet er likt, med kva det blir utrusta med av våpen og anna utstyr skal variere etter kva det skal brukast til.
Målet er mellom anna å unngå å måtte ha eit heilt eige og unikt sett med delar og reservedelar for kva einskild fartøytype, mellom anna for å halde kostnadane nede.
- Logistikken kan ta knekken på dette om du ikkje har med mogleg standardiserte seriar, seier Kjølmoen.
Ikkje ein del av EØS-avtalen
Han meiner auka satsing på Forsvaret ikkje berre gjere den norske marknaden for militære fartøy større, men og opnar for at norske bedrifter kan få ein del av marknaden når også andre land rustar opp.
Bygging av militære fartøy er dessutan ikkje omfatta av EØS-avtalen. Det betyr at norske styresmakter står fritt til å velje norske bedrifter til å bygge og utruste fartøy, utan å ta omsyn til EØS-regelverket.
Publisert: 11.08.2023 14:27
Sist oppdatert: 11.08.2023 16:17