Kjell Snipsøyr Øyvind Berge foto Berge v Co
TIL SUNNMØRE: Berge & Co kjøpte i 2016 Sandven & Co i Ørsta, som no blir med inn i Frydenbø-konsernet. Til høgre dagleg leiar Øyvind Berge i Berge & Co,. til venstre Kjell Snipsøyr i forretninga i Ørsta. Foto: Berge & Co
Nytt

Berge & Co inn i Frydenbø-konsernet

Konsolidering i bilbransjen. Berge-familien sel seg ut.

27.04.2022

- Det handlar om å kjøpe eller selje, seier dagleg leiar og medeigar Øyvind Berge i Berge & Co i ei pressemelding.

Familieeigde Berge & Co, med hovudkontor i Førde, er største bilforhandlaren i Sogn og Fjordane. Med avdelingar i Stryn, Måløy og Ørsta er Volkswagen, Audi og Skoda-forhandlaren også ein stor aktør i blant bilforhandlarane på Nordvestlandet.

I 2020 hadde selskapet med 125 tilsette 643 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 23 millionar kroner.

Kjøpt seg større
Berge & Co har sjølv kjøpt selskap for å bli større. Det siste kjøpet kom på tampen av 2016 då tok Berge & Co over Sandven & Co i Ørsta og reetablerte forretninga som nybilforhandlar.

Det var første etableringa utanfor Sogn og Fjordane for det over 60 år gamle selskapet.

Sterkare på Nordvestlandet
No blir Berge & Co ein del av Frydenbø Bil-konsernet i Bergen.

Frydenbø Bil-konsernet har frå før ein Volvoforhandlar på Sandane i Gloppen og styrkjer med dette kjøpet fotfestet på Nordvestlandet.

Konsernet hadde 2,1 milliardar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 93 millionar kroner i 2020. Selskapet forhandlar Volvo, Nissan, Renault, Dacia, BYD og Maxus og er etablert i Mandal, Kristiansand, Bergen, Sogndal, Førde og Sandane.

For risikabelt
Ifølgje pressemeldinga frå Berge & Co er årsaka til salet at både bilfabrikkar og importørar signaliserer at dei vil ha større einingar på forhandlarsida.

– Den vidare veksten fabrikk og importør forventar, vil krevje store investeringar. Etter ei samla vurdering har vi kome til at det blir for stort og risikabelt for Berge & Co å ta dette steget åleine. Derfor har vi no valt å selje verksemda til ein aktør som har økonomiske musklar og erfaring til å sikre framtidig drift – kanskje nasjonalt på sikt, seier Øyvind Berge.

Kva Frydenbø-konsernet skal betale er ikkje opplyst.

Publisert: 27.04.2022 08:36

Sist oppdatert: 28.04.2022 08:33

Mer om