Berre tre av ti jenter vil bli buande på bygda
Overraskande funn om kva jenter som helst vil flytte frå utkantstrøka.
(NPK – Bent Tandstad): Ei undersøking gjort blant ungdomsskuleelevar frå bygdene viser at fleire jenter enn gutar ynskjer å flytte frå heimbygda. Mest overraskande er det likevel at det ikkje er jenter med planar om høgare utdanning, som er ivrigast på å flytte.
Ingunn Marie Eriksen er forskar ved Velferdsforskingsinstituttet NOVA, som er ein del av storbyuniversitetet Oslomet. Ho er ansvarleg for ei undersøking der ungdomsskuleelevar blant anna svarar på spørsmål om korleis dei ser føre seg framtida si i bygda.
Undersøkinga, der ho har samarbeidd med Patrick Lie Andersen, baserer seg på forskingsprogrammet Ungdom i endring, som følgjer dei same ungdomane over tid.
Her kjem det fram at nesten halvparten av gutane ynskjer å bu i heimkommunen når dei blir vaksne, men at berre tre av ti jenter ynskjer det same. Det overraska forskarane at det faktisk er dei jentene som ikkje har planar om høgare utdanning, som i størst grad ynskjer seg vekk.
Gutane trivest godt same kvar dei bur, medan jenter ser ut til å trivst dårlegare til lenger ut på bygda du kjem.
Gutane trivst best
Situasjonen er motsett for gutar. Her er det dei med utdanningsplanar som ynskjer å flytte bort.
– Skal vi seie det enkelt så verkar det som om gutane trivest godt same kvar dei bur, medan jenter ser ut til å trivst dårlegare til lenger ut på bygda du kjem. Til mindre staden er, til meir aukar talet på dei som opplever mobbing og dårleg sjølvbilete, seier Ingunn Marie Eriksen.
Dei to forskarane trekkjer også fram ting som kroppspress og merkevarepress når det gjeld klede, som negative opplevingar.
Flest frå ressurssvake heimar
Det er særleg
jenter frå familiar der foreldra har låg utdanning og svak økonomi som
kjem dårleg ut, viser undersøkinga. Likevel verkar det som om dei
sosioøkonomiske ressursane i heimen ser ut til å bety mindre på bygda
enn i byen.
Det er også fleire overraskande funn i undersøkinga, slik som at det faktisk er færre ungdomar i distrikta opplever psykiske plagar enn i meir sentrale strøk. Ved første augekast er dette paradoksalt, sidan psykiske helseplager er nært knytte til erfaring med mobbing og dårleg sjølvbilete, forklarar Eriksen.
Lågt stressnivå på bygda
– Det kjem fram at
bygda er prega av ro, lågt stressnivå og lite prestasjonspress. Risikoen
for psykiske plager aukar til meir skulestress ein opplever, til mindre
nøgd ein er med utsjånaden og til meir tid ein brukar på sosiale
medium. Men det ser ut til at skulestress betyr mindre på bygda enn i
byen, seier Ingunn Marie Eriksen.
Dei som deltok i denne undersøkinga er ungdomsskuleelevar. Dermed gir ikkje studien noko svar på om dei som seier dei vil flytte ut av heimbygda, verkeleg gjer det. Tradisjonelt har ein rekna med at dei unge kvinnene som flyttar, i stor grad gjer dette for å ta ei høgare utdanning. Denne undersøkinga viser at også dei utan slike planar vil flytte.
Ingunn Marie Eriksen kjem til å følgje dei same ungdomane i åra som kjem, for å sjå om dei som seier dei vil flytte, også gjer det.
NOVA-forskaren trur det er viktig at norske distriktskommunar utnyttar fordelane ved det å bu på bygda. Det gjeld kjensla av å høyre til, den sosiale fellesskapen og nærleiken til naturen. Men også at kommunane må ta tak for å opne seg meir opp slik at fleire kjenner seg inkluderte.
Tidlegare, som fase ein av denne undersøkinga, har NOVA-forskar Anders Bakken samanlikna liva til ungdomar frå distrikta med unge menneske frå meir sentrale strøk. Det er sjølvsagt ein del forskjellar, men også overraskande mange likskapar.
– Same kvar ungdom bur viser funna at dei aller fleste lever gode liv og driv med mange av dei same fritidsaktivitetane. Sidan rammene rundt ungdomslivet kan vere ulikt i distriktet og i sentrale strøk, så er det overraskande at det er så mange likskapstrekk, sa Bakken då han presenterte forskingsrapporten i 2020.
Det kjem blant anna fram at mange unge har eit godt sjølvbilete, at dei trivst på skulen og likar foreldra sine. Ungdom ute i distrikta er like opptekne av å trene, spele dataspel og vere på sosiale medium som unge som veks opp andre stader.
(©NPK)
Publisert: 17.09.2022 05:00
Sist oppdatert: 17.09.2022 01:19