Nordfjord kulturhus innfelt bjørn egil flø IKKE GJENBRUK foto ntb
GODT DØME: Bygdesosiolog og forskar Bjørn Egil Flø roser mange gründarar sin innsats for lokalsamfunn rundt om i landet. Nordfjordeid blir trekt fram som eit velluka utvikling av eit bygdesentrum. Foto: Øystein Torheim / Operahuset Nordfjord
Nytt

– Til betre det går for økonomien, til meir sentralisering

Å sikre lokal forankring må vere det viktigaste for bedrifter i distrikta, meiner forskar.

26.08.2022

(NPK – Bent Tandstad): Ungdomen reiser frå bygdene, særleg jentene, og berre eit fåtal kjem att. Kommunane satsar stort på tiltak som kan få dei til å vende tilbake, men det er uklart om det har nokon effekt.

– Utviklinga har gått ein veg i mange år. Til betre det går for økonomien, til meir sentralisering blir det. I krisetider ser vi at flyttestraumen bremsar litt opp, men han stansar ikkje. Det er ingen tvil om at særleg kvinneflukta frå bygdene har mange negative effektar. Vi kan seie at ungdomane våre utdannar seg ut av bygdene, seier bygdesosiolog og forskar Bjørn Egil Flø.

Kjem sjølv frå bygda Flø
58 år gamle Bjørn Egil Flø, kjem sjølv frå bygda Flø ute i havgapet i Ulstein kommune.

Flø jobbar for NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi). Hovudkvarteret til NIBIO er på Ås i Akershus, men han har arbeidsplassen sin i Trondheim. Tidlegare var han tilsett på Norsk senter for bygdeforsking i same byen.

Forskaren har inntrykk av at dei fleste kommunane brukar mykje pengar på å motverke utviklinga, men at det er uklart kor effektive tiltaka er. Men han er klar på at tiltaka er betre enn om dei ikkje gjorde noko.

– Vi ser at bygdeungdomar utdannar seg inn i den urbane verda. Dei glir inn i middelklassa. På den andre sida klarer vi ikkje å utdanne nok handverkarar, eller folk som kan handtere eit sveiseapparat, seier han.

Lokal forankring viktig for næringslivet

Flø meiner at eit viktig grep framover må vere å sikre den lokale forankringa til næringslivet.

Han meiner den lokale eigarskapen har vorte svekt gjennom den nyliberale tankegangen frå Margaret Thatcher og Ronald Reagan. Etter Fløs syn vart det vidareført her i landet av statsministrane Kåre Willoch og Jens Stoltenberg.

Han er ikkje i tvil om at den nyliberale tenkinga har gjort vilkåra for distrikta dårlegare.

– Tidlegare var det sjølvsagt at ein ved til dømes bygging av skular, så skulle det arbeidet gjerast av lokale bedrifter. I dag må slikt arbeid ut på anbod, og slik blir det konkurranse over eit mykje større geografisk område. Det gjer det også mindre attraktivt for unge menneske som vil etablere seg med eigne firma i lokalsamfunnet, dei får mange fleire og større konkurrentar, seier Flø.

Forskaren strekar under at det er mange positive sider med dette regelverket, slik som at det hindrar korrupsjon. Men det hemmar det lokale næringslivet.

Naturressursar mindre verdsett

Han peikar også på eigarskapen til naturressursane. Tidlegare var det sjølvsagt at kommunar med vassdragsutbygging fekk rikeleg igjen for det økonomisk. I dag registrerer han at kommunar der det blir bygd ut vindkraft på land, blir sitjande att med ein veg til fjellet og kanskje eit nytt forsamlingshus.

Flø meiner det same gjeld eigarskapen til skogressursane, som ofte er eigde av store konsern langt borte frå lokalmiljøet.

Podium

E16/S2 Podium: Kva skjer med det sunnmørske eigarskapet?

Roser oppdrettsbransjen
Men langt frå alt er negativt. Det er mange dynamiske lokalsamfunn rundt om i landet, og mange av dei er i kommunar med fiskeoppdrett.

– Oppdrettsbransjen er litt rar. Trass i at det er ein bransje med mange store eigarar og fleire miljøutfordringar, ser vi at dei mange stader opptrer som svært samfunnsansvarlege aktørar med omsut for lokalsamfunnet. Det synest eg vi skal lyfte fram, seier han.

Gründarar gjer stor innsats
Bygdeforskaren meiner elles at det er mange lokale gründarar i mange bransjar ute i distrikta som gjer ein stor innsats for bygdene.

Små- og mellomstore bedrifter driv lokal verdiskaping, sjølv om dei kanskje hadde tent meir pengar på å flytte.

– Vi har ein kjemperessurs i det som truleg er den best utdanna distriktsbefolkninga i verda. Svært få kan konkurrere med oss når det gjeld menneskelege ressursar og intellekt. Distriktspolitikken i Noreg har fungert, sjølv om det har vore ei nedbygging av distriktspolitikken sidan 1980-talet.

– Sverige betre enn oss
Bjørn Egil Flø peikar på at Sverige, som i mange år dreiv utstrekt sentralisering, no har ein betre distriktspolitikk enn Noreg. Det gjeld blant anna ei storstilt oppbygging av den nordlege delen av landet.

Mange lokalsamfunn har i dag mange arbeidsplassar, også for høgt utdanna, men likevel opplever dei ein dramatisk nedgang i talet på fødslar. Det er ikkje attraktivt for dei unge og velutdanna å vende tilbake til heimbygdene sine.

– Det viser seg at arbeidsplassar ikkje er nok. Arbeidsplassar er fundamentet, men i tillegg det er naudsynt å utvikle fasilitetar for det moderne samfunnet, og det viktigaste er sosiale tenester Kultur- og velferdstilboda bør vere like bra som i dei store byane, og det må skje gjennom eit samarbeid mellom lokalsamfunna, kommune og stat.

Det viser seg at arbeidsplassar ikkje er nok
Bjørn Egil Flø

Trivsel er eit nøkkelord
Flø meiner det er viktig å få til ein kultur for å møte kvarandre i det offentlege rommet, på kafear, pubar og kulturarrangement. Trivsel er eit nøkkelord. Han er samd med Venstre-politikaren Alfred Bjørlo at det er viktig å byggje opp sterke lokale senter der folk kan jobbe, men samstundes bu ute i utkantane.

Han peikar på Nordfjordeid, heimbygda til Alfred Bjørlo, som eit eksempel på eit vellukka utvikling av eit bygdesentrum.

– Treng samlingspunkt
– Det offentlege må bruke pengar på bygdene. Lokalsamfunna treng samlingspunkt. Når skulen og butikken forsvinn, har innbyggjarane ikkje lenger ein stad å møtest. Det er viktig at folk sjølve får bestemme meir. Mange eg snakkar med opplever det tungt å slåst mot byråkratiet når dei vil gjere noko for bygda si, legg han til.

Flø har også registrert at mange ute i bygdene hadde håp til lovnadene frå den nye regjeringa, men at mange er skuffa.

– Vi har systematisk bygd ned politikken sitt handlingsrom i forhold til marknadskreftene. Politikarane er faktisk ganske handlingslamma. Det igjen fører til politikarforakt. Den viktigaste føresetnaden for demokratiet er at dei folkevalde har handlingsrom nok til å utøve politikk, avsluttar NIBIO-forskaren.

(©NPK)

Publisert: 26.08.2022 14:22

Sist oppdatert: 26.08.2022 14:29

Mer om