Per Sævik anløp Havila Pollux Foto Marius Rosbach 111
JOMFRUTUR: Styreleiar og medeigar Per Sævik (f.v.) i samtale med maskinsjef Ole Jonny Håbet og hotellsjef Aksel-Arne Antonsen som er om bord på jomfruturen til Havila Pollux. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Pengane har floge ut i alle retningar

Med fire skip i drift er Havila Kystruten i gong med å tene pengar. Jokerane er gassprisen og reiselysta.

Marius Rosbach
24.08.2023

Torsdag morgon kunne Havila Kystruten ta i mot sitt nyaste tilskott til flåten, Havila Pollux, framfor kaia ved hovudkontoret på Mjølstadneset.

Der blei det møtt av fleire skodelystne, tilsette frå reiarlaget og styreleier og eigar Per Sævik. Sistnemnte la ikkje skjul på at det var ein stor dag å endeleg ha alle fire skipa i drift.

– No er det opp til oss sjølve å vise at vi er i stand til å få business ut av investeringa på kring fem milliardar, seier Sævik til NETT NO.

Samtidig skulle han gjerne vore utan dei mange utfordringane dei har møtt i oppstarten.

– Pengane har floge ut i alle retningar, seier Sævik om utgifter til advokatar, kostnadar for å få skipa ferdig - og ikkje minst tapte inntekter som følgje av at skipa ikkje har vore i drift.

Havila Pollux Mjølstadneset foto Marius Rosbach 11
MJØLSTADNESET: De fjerde skipet til Havila Kystruten la torsdag morgon til kai framom hovudkontoret til reiarlaget på Mjølstadneset. Foto: Marius Rosbach

Trur på reiseliv som vekstbransje
Det fjerde skipet til reiarlaget la ut på jomfruseglasen frå Bergen seint onsdag og for anledninga droppa dei anløp i Torvika, til fordel av Mjølstadneset.

– Med fire nye skip er vi godt rusta for framtida og neste kontraktsperiode med staten. Sjølv om det er ei kjempeinvestering for eit lite selskap som vårt, så er det klart at eg er optimist for at dette skal gå bra, seier Sævik.

Han er ikkje i tvil om at satsinga mot reiseliv er rett i høve trendane i bransjen.

– Eg vurderer reiseliv og turisme til å vere ein av vekstbransjane i Norge, og konseptet med satsing på miljø og mindre forbruk av drivstoff, tilseier at vi har funne ei god løysing, legg han til.

Det klart at eg er optimist for at dette skal gå bra
Per Sævik

Har brukt kring 200 millionar på advokatar
Sjølv om det mellom anna har kosta kring 200 millionar kroner i advokatutgifter, påpeiker reiarsjef Bernt Martini at selskapet no også har lagt bak seg alt av rettslege kampar og utfordringar.

– Utsiktene ser gode ut og med fire skip i drift tenar vi pengar, legg han til.

Martini gjentek bodskapen til eigaren Per Sævik, om at ting no er opp til selskapet. Samtidig er det fleire forhold som reiarlaget ikkje rår over.

– Det er nokre ukjente faktorar for framtida, erkjenner Martini.

Bent Martini anløp Havila Pollux foto Marius Rosbach 111
– TENER PENGAR: Administrerande direktør Bernt Martini var med på jomfruturen frå Bergen til Herøy. Med fire skip i drift påpeiker han at reiarlaget tenar pengar. Foto: Marius Rosbach

Ligg framom skjema for neste år
Det første er i kva grad folk vil halde fram å bruke pengar på å reise, eller om ein kraftig økonomisk nedgang vil gjere at dei i staden sparer pengane sine.

Martini seier dei ikkje trur det er ein massiv resesjon i vente.

Reiarsjefen omtalar bestillingane for i år som «gode» og at dei vil nå måla dei har sett seg for passasjertala.

– Og vi er godt framom måla for 2024, så det ser veldig bra ut for neste år, legg han til.

– På sikt ser gassprisane positive ut
Martini påpeiker at også gassprisen er ein joker som vil påverke dei økonomiske resultata til reiarlaget framover.

– No har vi ein situasjon der mindre hendingar rundt i verda påverkar gassprisane, seier han.

Krigen i Ukraina har vore den store drivaren sidan i fjor vinter, og har gitt utslag i rekneskapane. For augneblinken er det frykt for streik i Australia som har pressa prisen opp.

– Men på sikt ser gassprisane positive ut, seier Martini.

Havila Pollux Mjølstadneset Foto Marius Rosbach 11
HAVILA POLLUX: Fleire år forseinka fekk Havila Kystruten sitt fjerde skip i drift onsdag kveld. Foto: Marius Rosbach

Har kring 550 sjøfolk i jobb
Med fire skip i drift har Havila Kystruten kring 550 sjøfolk i arbeid. Til no har dei ikkje hatt noko problem med å bemanne skipa.

– Vi har vore heldige og har halde på mange av dei dyktige folka våre, også i perioden då vi har mangla skip. Det får vi att for no gjennom innsats og lojalitet, seier Martini.

Reiarsjefen er meir uroa for situasjonen for den maritime bransjen på sikt.

– Eg er bekymra for situasjonen for Norge som maritim nasjon når det gjeld tilgang på maritim kompetanse på sikt. Eg håpar at norske reiarlag er bevisst ansvaret og verkeleg satsar på norske sjøfolk, legg han til.

Publisert: 24.08.2023 11:45

Sist oppdatert: 24.08.2023 12:59

Mer om