Drivprisen Ole Schanke Eikum Hy Fuel Tor Øyvin Aa Brødrene Aa Bryton Shang Aquabyte Foto Brødrene Aa 11
HEIDER: Administrerande direktør Tor Øyvin Aa (midten) i Brødrene Aa, saman med dei andre prismottakarane for kvelden, Ole Schanke Eikum frå HyFuel og Bryton Shang frå Aquabyte. Foto: Brødrene Aa
Nytt

Brødrene Aa vann nyskapingspris

Til topps blant fleire enn 50 nominerte.

Marius Rosbach
22.09.2022

Brødrene Aa stakk onsdag av med årets Driv-pris for grøn innovasjon.

– Ein svært verdig vinnar, uttaler Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

Drivprisen vart delt ut på Kraft i Vest-konferansen på Sandane og skal løfte fram grøn innovasjon, og som skal inspirere til idear, teknologi og menneske som jobbar for å bli ein del av klimaløysinga.

Stor konkurranse
Brødrene Aa-verftet vann i konkurranse med 54 andre nominerte selskap.

– Veldig kjekt å få denne prisen. Vi har jobba med det grøne skiftet i over 20 år med fokus på låg vekt, lågt energibruk og dermed lågare utslepp. Vi introduserte karbonfiber som byggemateriale i hurtigbåtar allereie i 2000, og det er den viktigaste grunnen til at vi har den posisjonen vi har i dag, utalar administrerande direktør i Tor Øyvin Aa i Brødrene Aa i meldinga.

Initiativtakarane til Drivprisen er dei same samarbeidspartnarane som står bak Kraft i Vest-konferansen på Sandane; Sogn og Fjordane Energi, Sparebanken Sogn og Fjordane, Vestland Fylkeskommune, Høgskulen på Vestlandet og Innovasjon Norge.

Juryen: Har sett Norge på kartet
I juryen si grunngjeving la dei nettopp vekt på at Brødrene Aa har sett Vestland og Norge på kartet internasjonalt gjennom utvikling og bygging av låg- og nullutslepps hurtigbåtar med karbonfiber som materiale.

Juryen uttalte meiner at Brødrene Aa si evne til å sjå moglegheiter i det grøne skiftet er inspirerande, og dei trur selskapet vil ha ei viktig rolle i elektrifiseringa av hurtigbåtar med låg- eller nullutslepp framover.

Publisert: 22.09.2022 10:11

Sist oppdatert: 22.09.2022 10:19

Mer om