Jan frode janson Stig Brautaset Sparebank1 SMS Sparebank1 Søre Sunnmøre foto Ogne
VIL FUSJONERE: Sparebank1 SMN-sjef Jan Frode Janson (t.v.) og Sparebank1 Søre Sunnmøre-sjef Stig Brautaset skal forhandle fram ein samanslåingsavtale, som generalforsamlingane skal ta stilling til i november. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Brautaset: - Massiv støtte

Klart for forhandlingsstart om samanslåinga av Sparebank1 Søre Sunnmøre og Sparebank1 SMN.

12.08.2022

Rett før sommarferien sa styra i Sparebank1 SMN og Sparebank1 Søre Sunnmøre ja til ein intensjonsavtale om å slå dei to bankane saman.

No startar sjølve forhandlingane og "due dilligence-perioden", der bankane får kikke kvarandre i korta for å bli samde om samanslåingsvilkåra.

Planen er at generalforsamlingane i Sparebank1 Søre Sunnmøre og Sparebank1 SMN i november skal avgjere om det blir samanslåing.

Sparebank1 Søre Sunnmøre har hovudkontor i Volda og dekkjer Søre Sunnmøre og Nordfjord. Sparebank1 SMN har hovudkontor i Trondheim og avdelingskontor i Ålesund.

Positive tilbakemeldingar
Administrerande direktør Stig Brautaset seier han ikkje har fått ei einaste melding som har vore kritisk negativ til samanslåing.

Etter at meldinga om intensjonsavtalen om samanslåing gjekk ut har han brukt mykje tid til å informere om årsak for at bankane vil slå seg saman.

- Det har vore ei massiv støtte i form av positive tilbakemeldingar, både eksternt og internt.

Generalforsamlinga avgjer
Brautaset understrekar at det er generalforsamlinga som avgjer. Den er på 20 personar, frå tilsette, kommunane, næringslivet og frå eigenkapitalbeviseigarane.

- Eg har stor respekt for at det er den som tek den endelege avgjerda, seier han.

Sparebank1 Søre Sunnmøre la i dag fram tal for 1. halvår og 2. kvartal. (Sjå tabell)

Les børsmelding her

Sparebank1 Søre Sunnmøre
1. halvår. I mill.kroner20222021
Inntekt150,2144,8
Resultat før tap82,582,2
Resultat før skatt83,476,4
Sparebank1 Søre Sunnmøre
2. kvartal. I mill. kroner20222021
Inntekt84,268,8
Resultat før tap49,5

37,5

Resultat før skatt60,933,9

- Vi er betinga optimistiske. Dei fleste næringane som er dominerande her har gått veldig bra. Det lysnar i maritim industri, med kontraktar til Ulstein Verft og ombygging for Kleven, seier Brautaset.

Også bustadutbyggjarane har handtert situasjonen godt, etter Brautaset si vurdering.

Publisert: 12.08.2022 10:05

Sist oppdatert: 12.08.2022 12:05