Brunvoll Fabrikk Molde foto brunvoll
MOLDE: Oversiktsbilde av anlegget og fabrikken til Brunvoll i Molde. Nedst i bilde til høgre er bygget som truleg blir rive i løpet av kort tid. Seinare kan det kome ei utviding av fabrikken her. Foto: Brunvoll
Nytt

Brunvoll med nytt toppår i fjor

Rekordoverskot og auka omsetninga med ein halv milliard. Snart tek Molde-konsernet ei viktig avgjerd for framtida.

Marius Rosbach
12.02.2026

Brunvoll-konsernet legg bak seg eit nytt år der omsetninga steig til nye høgder. Det same gjorde overskotet. 

Det kom fram då statsråd Karianne Tung var på eit besøk ved Molde-bedrifta omtalt av Molde Næringsforum.

–  Tala for 2025 er ikkje offentlege og styrebehandla enno, seier konsernsjef Kåre Øyvind  Vassdal til Nett No. 

Auke på kring halv milliard
Samtidig stadfestar konsernsjefen at omsetninga i fjor samla sett enda på kring 2,4 milliardar kroner. Det er ei ny kraftig auke samanlikna med 2024, då den stoppa på nær 1,9 milliardar. 

Også resultatet vart betre i 2025, enn året før – som var rekorden for konsernet til då.

Brunvoll har lagt bak seg fleire år med kraftig vekst. Også i 2026 ligg omsetninga an til å auke vidare, ifølgje Vassdal. 

– Ordrereserven totalt sett for Brunvoll er bra, også sett i et historisk perspektiv, legg han til. 

Brunvoll Kåre Øyvind Vassdal
KRAFTIG VEKST: Konsernsjef Kåre Øyvind Vassdal i Brunvoll har leia konsernet gjennom fleire vekstår sidan han tok over stillinga i 2019. Foto: Brunvoll

Tek snart avgjerd om utviding
I fjor haust opna Brunvoll eit nytt senter med produksjon, lager, kontor – og opplæringsareal.

Og dei har planane klare for korleis dei kan utvide vidare ved fabrikken i Molde. I løpet av kort tid blir det truleg starta riving av bygg vest for fabrikken. 

– Det er ikkje teke noko avgjerd på dette enno. Mest truleg blir det før sommaren, seier Vassdal.

 Om dei går for utvidinga reknar Vassdal med at dei vi gjere utvidinga i ei etappe og at dei siktar seg inn mot byggestart i 2027. 

Investeringar for fleire hundre millionar
Konsernet har allereie avgjort at dei skal investere kring 80 millionar kroner i eit nytt bygg i Årødalen. Det er venta å vere ferdig ved årsskiftet. 

Samla dreiar det seg om investeringar for fleire hundre millionar kroner. 

Ifølgje konsernsjefen reknar dei ikkje med å auke tilsvarande i tilsette, men at dei tek sikte på å auke volumet – ved å bruke færre ressursar per eining samanlikna med i dag. 

– Utover det så investerer vi kontinuerleg for tida i maskin- og teknologiinvesteringar, legg Vassdal til.

Publisert: 12.02.2026 05:00

Sist oppdatert: 11.02.2026 17:53

Mer om