Brødrene Aa verft montasje Tor Øyvind Aa Foto Brødrene Aa Andreas Eikeseth Nygjerd
HAR SNUDD: Framtida ser lysare ut enn på lenge for Brødrene Aa-sjef Tor Øyvin Aa og dei andre i verftsselskapet. Foto Brødrene Aa/Andreas Eikeseth Nygjerd
Nytt

Byggeboom for Brødrene Aa

Etter fleire tøffe år med underskot har verftet historisk tjukk ordrebok og ligg an til overskot.

Marius Rosbach
18.08.2023

2022-rekneskapen til Brødrene Aa i Gloppen viser at verftet fekk sitt fjerde år på rad med underskot (sjå tabell under).

I år ser situasjonen langt lysare ut for båtbyggjarane. Med historisk god ordreinngang - både når det gjeld lengde og verdi - ligg verftet an til å kome ut med overskot på slutten av 2023.

– Ja no har det snudd, seier dagleg leiar Tor Øyvin Aa i Brødrene Aa til NETT NO.

– Vi har hatt nokre krevjande år, delvis på grunn av turistmarknaden som forsvann under Covid, men også grunna litt uheldige prosjekt som vi tapte på, legg han til.

Ligg an til dobla omsetning
– Utsiktene for 2023 er svært lovande, skriv styret i årsmeldinga og viser til at det er inngått en rekke nye kontraktar.

Med dagens ordrebok ligg verftet an til ei omsetning kring 600 millionar – som er om lag ei dobling frå fjoråret.

Høgare omsetning gir lågare faste kostnadar per båt, samtidig som det er teke grep ved auka prisar, effektivisering og kutt i kostnadar.

(saka held fram under)

Brødrene Aa as (konsern)
Tal i mill. kroner
2022
2021
Driftsinntekt
303,9
292,7
Driftsresultat
-8,1
-49,3
Resultat før skatt
-9,9
-49,9

Har arbeid til godt ut i 2025
Brødrene Aa har hovudkontor og produksjonsanlegg i Hyen og produksjonsanlegg i Eikefjord i Sunnfjord.

I tillegg har verftet eit samarbeid med eit kinesisk hurtigbåtverft. Også her er det fire båtar under bygging som verftet vil få royalties frå.

Den rekordtjukke ordreboka har allereie fylt store delar av produksjonskapasiteten for 2024, og sikrar sysselsetting til godt ut i 2025, ifølgje årsmeldinga.

Sikra ny kontrakt med Fjord1
Verftet har no fire båtar under bygging. Samtidig har dei sikra seg kontraktar på fem nybygg og fire ombyggingskontraktar.

Seinast fredag melde Fjord1 at dei skal bygge ein ny båt hos Brødrene Aa som skal inn i bybåtrutene i Bergen. Kontrakten inneheld også to ombyggingar av båtar Brødrene Aa har levert tidlegare.

Det siste fartøyet som ble levert frå verftet, er den nye sightseeingbåten «Bard» til Brim Explorer-reiarlaget. Dei har tidlegare fått to båtar frå Maritime Partner – men valde Brødrene Aa til å bygge båt nummer tre og fire.

Vision of the Fjords flyttar til Oslo
NYSKAPANDE: Med båtar som Vision of the Fjords har Brødrene Aa gjort seg bemerka med nyskapande hurtigbåtar. Foto: Brødrene Aa

Treng fleire tilsette
Ved inngangen til sommaren hadde verftet kring 150 tilsette i arbeid, men vil ha behov for å auke bemanninga framover.

– Vi hadde ein del personar som var permitterte som vi har teke inn att, også treng vi ein del nye framover, fortel Tor Øyvin Aa.

Samtidig er tilgangen på arbeidskraft krevjande, som gjer at verftet også reknar med å måtte kjøpe tenester for å kome i mål med den auka oppdragsmengda.

Brødrene Aa Norled illustrasjon
REKORDKONTRAKT: Bygginga av tre 45 meter lang båtar for Norled er den største kontrakten Brødrene Aa har sikra seg nokon gong. Verdien på oppdraget som blei kjent før sommaren, er på kring 420 millionar kroner. Illustrasjon: Brødrene Aa

Lån sikrar vidare drift
Dei tøffe underskotsåra har tæra på likviditeten i verftsselskapet. Difor er det mellom anna gitt eit lån frå eigedomsselskapet på 20 millionar for å sikre driftskapital.

Prognosane viser at verftet har tilstrekkeleg midlar framover, og samtidig har dei nye kontraktane betra likviditeten i 2023.

Ved utgangen av 2022 hadde konsernet 24 millionar i eigenkapital og langsiktig gjeld på 60 millionar kroner.

Publisert: 18.08.2023 11:07

Sist oppdatert: 18.08.2023 11:58

Mer om