C Food norway montasje Linn Kristin Johansen forbrukerpakning foto c food norway 11
DELIKATESSE: Ålesund-selskapet sine produkt av tørka svømmeblærer, blir rekna som ei delikatesse i Kina og blir no selt i forbrukarpakningar. Til venstre viser Linn Kristin Johansen i C Food Norway fram eit prakteksemplar av eit flekka og salta ryggbein.
Nytt

Bygger business på restråstoff

C Food Norway har på det meste fleire hundre arbeidarar i sving i Asia. Målet er å etablere meir produksjon på heimebane.

Marius Rosbach
23.11.2021

C Food Norway i Ålesund har for alvor fått fart på verksemda med å lage sjømat av restråstoff frå kvitfisk. Selskapet sel produkt laga av kvitfiskryggar og tørka svømmeblærer til Asia og Europa. Omsetninga i fjor var på nær 100 millionar kroner.

– Grunna pandemien vi har vore gjennom – og delvis er inne i – har vi valt å halde aktiviteten stabil frå mars 2020, opplyser styreleiar Simon Dyb Sørnes i C Food Norway til NETT NO.

Koronaknekk i fjor
Rekneskapen for 2020 viser at koronapandemien ga ein knekk i aktiviteten for C Food Norway i fjor. Trass ei omsetning på kring 100 millionar var det betydeleg lågare enn i 2019, då inntektene kom opp i heile 138 millionar kroner.

Likevel har dei klart å halde ei positivt inntening, viser årsrapporten. Driftsresultatet for 2020 enda med eit lite overskott og resultat før skatt var på nærare millionen (sjå tabell under).

Det er venta at årets omsetning endar på nivå med fjoråret. No i haust merkar dei auka aktivitet, og jobbar vidare med å vekse både i Norge og internasjonalt.

(saka held fram under)

C Food Norway

Årsresultat (i mill kr)
2020
2019
Driftsinntekter
99,2
138,6
Driftsresultat
0,1
2,9
Resultat før skatt
0,9
1,6

Vil starte produksjon i Norge
Margareth Kjerstad leiar forsking og utviklingsavdelinga som sjømatselskapet etablerte i år. Avdelinga står sentralt i arbeidet med å på sikt opprette produksjon i Norge.

– Det er ei overordna målsetting for C Food Norway å gradvis etablere vidareforedling av restråstoff i Norge, etter kvart som automatiserte løysingar blir utvikla, fortel Kjerstad.

Et tiltak for å nå dette målet er å ta i bruk ombordfryste norske fiskehoder. Her har dei lagt eit utviklingsløp framover.

Kjerstad fortel at dei har ein fleire aktivitetar gåande som er finansiert av Innovasjon Norge, Norges Forskningsråd og Regionale Forskningsfond i Møre og Romsdal. Det går både på meir effektiv produksjon, men også korleis ein best kan utnytte restråstoff frå fiskerinæringa.

(saka held fram under)

Margareth kjerstad C Food foto c food norway 11
FORBRUKERPAKNINGAR: Margareth Kjerstad leiar forsking- og utviklingsavdelinga som C Food Norway starta i år. Selskapet satser meir på ferdigvarer og har mellom anna laga oppskriftshefte for svømmeblærer av torsk for den kinesiske marknaden. Foto: C Food Norway

Har opptil 400 i arbeid i Vietnam

Mykje av salet er tørka svømmeblærer til Kina og Hong Kong. Tidlegare gjekk restråstoffet til dyrefor, medan det i Kina blir rekna som ei delikatesse. Produktet blir mellom anna nytta til suppe.

C Food Norway har i lag med partnaren Vietnam Diamond Age, produksjon og produktutvikling i Vietnam. På det travlaste kan dei ha fleire enn 400 arbeidarar i sving i det asiatiske landet.

Satsar på forbrukarpakningar
Ålesund-selskapet starta med å selje bulkprodukt, men vil gå meir over til ferdigvarer. Ved å bevege seg framover i verdikjeda, meiner dei lønnsemda vil auke.

– Vi kjem framleis til å selje bulkprodukt, men har ein strategi om å auke salet av ferdigvarer etter kvart som vi lukkast med marknadsintroduksjon og sal i større volum, fortel Kjerstad.

No blir det satsa på forbrukarpakningar til Kina og Hong Kong.

– Vår nylanserte forbrukarpakning vil gjere kundane bevisst på C Food Norway sin berekraftige historie, trur Kjerstad.

Ventar behov for fleire tilsette

I Norge er dei sju tilsette – og fire av dei er komne til i løpet av det siste året. Kjerstad fortel at dei reknar med å auka behov for folk.

– Etter kvart som utviklingsprosjekta blir realisert til kommersiell forretning, vil behovet for å styrke staben melde seg, fortel Kjerstad.

Dei har behov for brei kompetanse, og er opptekne av å rekruttere folk med det rette tankesettet, som er «miljøbevisste og har ønske om å vere med på å utvikle sunn og god mat med positiv klimaeffekt», legg ho til.

Publisert: 23.11.2021 05:55

Sist oppdatert: 23.11.2021 10:11

Mer om