Bygging byggebransjen illistrasjon foto Ogne
Illustrasjonsfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Byggfirma konkurs

Eigaren vurderer avvikling av fleire selskap.

Marius Rosbach
29.11.2022

Møre og Romsdal tingrett opna måndag konkurs i Standal Bygg etter krav om momskrav og tvangsmulkt på drygt 310.000 kroner. Ingen frå selskapet møtte i retten.

Linda Brevik er bustyrar i konkursen for selskapet med adresse i ålesund. Første skiftesamling er planagt 16. januar neste år.

Ein av fire konkursar i bygg- og anlegg
Firmaet som blei starta opp i 2008 og har drive med oppføring av bygg, er konkurs nummer 34 i bygg- og anleggsbransjen i Møre og Romsdal så langt i år.

Det er om lag ein firedel av alle konkursane i fylket.

Selskapet har hatt varierande aktivitet og inntekt. Etter ei omsetning på meir enn to millionar i 2019, gjekk det nedover til millionen året etter – og nær ein halv million i fjor.

Eigenkapitalen tapt
Alle dei tre siste åra har gått med underskot, og i rekneskapen for 2021 stadfestar leiinga at eigenkapitalen er tapt.

Vidare er det planar om avvikling, eller omstrukturering av opptil fire andre selskap med same eigar,ifølgje årsrapporten levert i slutten av førre månad.

Gjelda var ved utløpet av fjoråret på kring 1,8 millionar. I rekneskapen står det óg oppført fleire mindre lån til tilknytte selskap.

Publisert: 29.11.2022 09:03

Sist oppdatert: 29.11.2022 09:01

Mer om