rettssal illustrasjon foto marius 11
KONKURS: Restaurantselskapet Fiskehuset & Co har stått for drifta av La Voile fusion-restauranten i Måløy. Dei siste åra har firmaet opparbeida seg stor gjeld. Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Nytt

Vil gjere opp kjempegjeld etter konkurs

Restaurant-selskapet har gått i minus frå starten. No blir det jobba med å rydda opp.

Marius Rosbach
02.11.2022

Sogn og Fjordane opna førre månad konkurs i restaurantselskapet Måløy Sushi – Fiskehuset & co.

Bakgrunnen for konkursen var eit krav frå skatteetaten på knappe 160.000 kroner. Første skiftesamling i saka er 15. november.

Jobbar med å gjere opp gjeld
Selskapet med adresse i Måløy har dreve restaurantverksemd og har gått i minus sidan oppstarten i 2014, ifølgje rekneskapa.

Det har ført til at dei har opparbeida seg stor gjeld, som ifølgje bustyrar Klaus Arne Iversen var kome opp i kring 7,5 millionar kroner. Ifølgje advokaten jobbar eigarane med å betale ned denne.

– Eg har fått opplyst frå drivaren at dette i hovudsak var pengar som dei lånte inn mot selskapet. Mykje av gjelda skal no vere gjort opp, seier Iversen til NETT NO.

Ikkje vore drift i år
Restaurantdrifta blei avvikla ved starten av 2022 og det var ikkje tilsette i selskapet då det gjekk konkurs.

Rekneskapene viser at omsetninga dei siste åra gjekk nedover. I 2018-2020 låg inntektene på mellom to og tre millionar kroner med eit samla underskot på 4,6 millionar.

Drivaren er óg oppført som dagleg leiar og styreleiar i det utanlandskregistrerte foretaket som også heiter Fiskehuset & Co.

Fleire konkursar i år
I år har talet på konkursopningar gått oppover sidan skattestyresmaktene oppheva «koronaamnestiet» ved starten av året. I Møre og Romsdal og Nordfjord-kommunane er det opna 138 konkursar ved inngangen til november månad.

Det er ei auke på drygt 21 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Det har vore 120 konkursopningar i Møre og Romsdal så langt i år, mot 101 i fjor. I Nordfjord-kommunane Stryn, Kinn, Stad og Gloppen har det vore 18 konkursar, mot 13 i fjor, viser tal frå Brønnøysundregistera.

Publisert: 02.11.2022 09:53

Sist oppdatert: 02.11.2022 09:56

Mer om