Energy Empress foto Golden Energy Offshore Services
SKAL REFINANSIERAST: Golden Energy Offshore Services arbeider for å refinansiere Energy Duchess (til venstre) og Energy Empress. Foto: Golden Energy Offshore Services
Nytt

Børsdagen: Gulrot for Fagervoll

Golden Energy Offshore Services vil belønne refinansierings-suksess.

10.06.2022

Dersom styret i Golden Energy Offshore Services lukkast med å få refinansiert dei to offshorefartøya Energy Empress og Energy Duchess får dei kjøpe aksjar med kraftig rabatt.

Dei to fartøy bli i dag leigd inn av reiarlaget gjennom ein leasingavtale. Målet er å finansiere skipa slik at børsnoterte Golden Energy Offshore Services sjølv tek over eigarskapet, gjennom datterselskap.

Lukkast det skal dagleg leiar og styremedlem Per Ivar Fagervoll få to millionar kroner i ekstra godtgjering, styreleiar Sten Gustavson 350.000 kroner og styremedlem Morten Muggerud 250.000 kroner.

Eitt av vilkåra for å få den ekstra godgjeringa er at dei kjøper aksjar i selskapet for pengane - til pålydande - som er ei krone per aksje.

I dag er børskursen i Golden Energy Offshore Services tre kroner.

Med dagens kurs er det ein gunstig avtale for dei tre, sjølv om det høyrer med at det ordinære styrehonoraret for 2022/2023 skal trekkast frå om refinansieringa lukkast og dei tre vel å ta i mot den ekstra godtgjeringa. Det ordinære styrehonorarer er på 500.000 kroner for styreleiar og 350.000 for dei to andre.

Golden Energy er i dag mellom selskapa som steig mest i verdi på Oslo Børs, men ein kursauke på 11,11 prosent. Berre tre selskap steig mer i verdi i dag.

I den motsette enden av skalaen er det landbaserte oppdrettsselskapet Atlantic Sapphire som med ei børsmelding i går skapte uvisse om framdrifta for andre byggetrinn på anlegget i Florida.

Atlantic Sapphire fall 13,71 prosent i verdi i dag. Hittil i år har aksjekursen falle 49,4 prosent og selskapet er verdsett til 1,9 milliardar kroner.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Golden Energy Offshore Services 3 11,11 %
Havila Shipping 28,7 8,92 %
Arctic Bioscience 16 6,67 %
Hofseth Biocare 3,72 4,79 %
Sparebanken Møre 77,6 -1,02 %
Hav Group 14,7 -1,34 %
Salmon Evolution 8,46 -2,08 %
Nortel 18 -2,17 %
Havyard Group 8,6 -2,27 %
Statt Torsk 2,35 -2,49 %
Havila Kystruten 17,95 -2,97 %
Endúr 0,605 -3,35 %
Smartcraft 17,36 -4,82 %
Hexagon Composites 31,04 -6,56 %
Hexagon Purus 30,04 -9,90 %
Atlantic Sapphire 21,4 -13,71 %

Publisert: 10.06.2022 11:13

Sist oppdatert: 10.06.2022 17:16

Mer om