20220328 184919
DNB: Seniorøkonom Knut A. Magnussen i DNB Markets er framleis optimist for den norske økonomien, om ikkje mange vert skræmde og held på sparepengane sine. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

- Vi hadde nesten gløymt at det var noko som heitte inflasjon

Seniorøkonomen har aldri opplevd liknande situasjon, men er framleis optimist.

29.03.2022

- Eg har aldri opplevd liknande. Først fekk vi pandemien, og så har vi fått ein krig i Europa med store konsekvensar.

Det sa seniorøkonom Knut A. Magnussen i DNB Markets under eit møte i Fosnavåg Shippingklubb måndag.

Magnussen trekte linjene tilbake til 70-talet, då ein hadde høge løns- og prisspiralar, som gav stor inflasjon.

Og på nytt er inflasjonen på veg oppover, spesielt i USA der inflasjonstakten ligg på åtte prosent, det høgste sidan 1982.

Etterspørselsjokk
Men også i Europa er det høg inflasjonstakt, og ligg på rundt 6 prosent, drive spesielt av stigande energi- og matvareprisar.

- Vi hadde nesten gløymt at det var noko som heitte inflasjon. I perioden frå 1989 og fram til pandemien, var inflasjon nesten ikkje-eksisterande, sa Magnussen.

I perioden frå 1989 og fram til pandemien, var inflasjon nesten ikkje-eksisterande
Knut A. Magnussen

Seniorøkonomen trekte fram ei rekke årsaker til den aukande inflasjonen.

- Under pandemien fekk vi etterspørselsjokk. Tenester som reiser og overnatting fall som ein stein. Då brukte forbrukarane pengar på varer, som elektronikk og bilar.

- I tillegg fekk hushaldningane store overføringar, blant anna i USA der hushaldningane fekk sjekkar med staten. Dette skapte eit stort etterspørselspress, for mykje av varene er laga i Asia. Tilbudssida klarde etter kvart ikkje å matche etterspørselsida.

Voldsom prisoppgang

Magnussen viste også til at mangelen på microchips ramma bilindustrien, som blant anna resulterte i kraftig fall i produksjon av nye bilar samstundes som det var stor etterspørsel etter bilar.

- Vi fekk ein voldsom prisoppgang på brukte bilar, fordi det var lang ventetid på nye bilar.

- Vi fekk også vanvittig prisauke på kontainerfrakt frå Asia.

- I botnen er det knappheit som gir auka prisar, sa Magnussen.

Han meinte likevel at det var muleg å halde inflasjonen i sjakk.

- Dette kjem av at alle sentralbankar har mål om å halde inflasjonen lav. I tillegg har vi no ikkje fagforeiningar som er med på å presse lønene uforsvarleg oppover.

(saka held fram under)

20220328 182625
INFLASJON: Inflasjonen er på veg oppover, men Knut A. Magnussen meiner at inflasjonen er muleg å halde i sjakk
Dersom folk vert skræmde og held på sparepengane sine, vil økonomien bremse opp
Knut A. Magnussen

Overraska over sanksjonsomfanget
Sjølv om Russland berre utgjer 1,5 prosent av den globale økonomien, ser ein allereie betydelege globale økonomiske konsekvensar av krigen i Ukraina.

- Handelseffekten er eigentleg ikkje så stor, med unntak av råvarer.

Magnussen var overraska over kor omfattande sanksjonane hittil har vore, men at dei hittil har vore avgrensa når det gjeld russisk olje og gass.

- 41 prosent av gassen til Europa kjem frå Russland. Norsk gass utgjer 25 prosent, det same med LNG, men Norge klarer ikkje å produsere meir gass, sa Magnussen.

11 prosent av den globale oljeproduksjonen skjer i Russland.

- Europa prøver å gjere seg meir uavhengig av russisk olje og gass, men dette vil ta tid, sa Magnussen.

Meir fokus på sjølvforsyning
Han viste til at både olje- og gassprisen no var på veg nedover etter å ha nådd rekordhøge nivå.

- Dette kjem nok mykje av at Europa er nølande til å stenge ute russisk olje og gass.

Han trudde likevel at krigen over tid kunne føre til meir fokus på sjølvforsyning, også i Norge.

- Vi ser blant anna no at det er snakk om å byggje ein sponplatefabrikk i Norge etter at det vart slutt på å importere sponplater frå Russland.

Folk meir pessimistiske
Magnussen trudde ikkje at Norge og Europa gjekk inn i resesjon, sjølv om Ukraina-konflikten påpvirka negativt.

- Økonomien hadde god fart før pandemien, og dei fleste opererer med gode prognoser også no, men eg trur at dei vil verte justerte litt ned.

Han var derimot overraska over ei måling som viste svak stemning blant norske forbrukarar som hadde vorte spurt om korleis ein trudde det gjekk med både eigen og landet sin økonomi.

- Eg synst det er spesielt rart at så mange er negative på landets økonomi når vi har ein oljepris som skyt i vêret.

- Alt tyder på at det skal gå bra med norsk økonomi, men dersom folk vert skræmde og held på sparepengane sine, vil økonomien bremse opp.

- Ikkje sjokkerande høgt
Magnussen forventa tre rentehevingar i år, men trudde ikkje at det vart vidare stor renteauke framover, om ein klarde å halde inflasjonen i sjakk.

Når det gjeld lønsveksten, forventa han ein auke på opp mot fire prosent.

- Det er ikkje sjokkerande høgt i forhold til USA, med sine seks prosent, men er likevel snakk om ein betydeleg oppgang.

Publisert: 29.03.2022 10:01

Sist oppdatert: 29.03.2022 10:05

Mer om