Havila capella årets skp foto kjetil 11
FEKK PRIS: Havila Kystruten-eigar Per Sævik (t.v.) og administrerande direktør Bent Martini (t.h.) i samband med at reiarlaget nyleg fekk pris for skipet Havila Capella. Onsdag måtte reiarlaget utsette påskeseglasen for 232 passasjerar nordover. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Børsdagen: Marknaden har ikkje mista trua

Aksjeopptur trass tøff dag for Havila Kystruten. Hydrogenselskap og handverksspesialistar dagens vinnarar i nordvest.

Marius Rosbach
13.04.2022

Trass i dårleg nytt med utsett seglas for Havila Kystruten, var aksjekursen gått opp 1,74 prosent då Oslo børs stengte onsdag. Tidleg på dagen var auken på meir enn fem prosent, men den falt utover dagen og enda på 17,50 kroner aksjen.

Trass i utfordringar på rekke og rad med alt frå rettsstrid med byggeverft til forseinka skipsbygging, har med andre ord ikkje marknaden mista trua på reiarlaget frå Herøy.

Sidan børsintroduksjonen i fjor, er kursen likevel skrumpa inn med ein firedel.

Onsdagens vinnar mellom dei børsnoterte selskapa med adresse på Nordvestlandet, er Hexagon Purus.

Hydrogenselskapet der Hexagon Composites er storeigar, steig 12,89 prosent til 41,50 kroner. Også Composites-aksjen noterte seg for ei auke på 5,74 prosent til 35,36 kroner.

Smartcraft – som har spesialisert seg på porgramvare til handverksselskap, fekk også ein hyggeleg avslutning på børsen før påska med ei auke på 7,26 prosent.

Teleselskapet Nortel gjekk mest ned av selskapa på Nordvestlandet, med 6,53 prosent, til 18,60 kroner.

Hovudindeksen på Oslo børs elles enda dagen med ny rekordnotering på 1.283,13.

Verdt å merke seg er også at oppdrettarane framleis får godt betalt. Sist veke blei det sett ny prisrekord med 93,21 kroner per kilo fersk laks.

Publisert: 13.04.2022 13:53

Sist oppdatert: 13.04.2022 15:50

Mer om