Havila Capella ålesund Skansekaia foto kjetil 11
FRAMLEIS I BERGEN: Havila Capella skulle kome til Ålesund klokka 09.45 i dag, slik den er på dette biletet. Men skipet ligg framleis ved kai i Bergen. Arkivfoto: Kjetil Haanes
Nytt

Havila Kystruten held tilbake skip

Utset avgang frå Bergen på grunn av sanksjonane mot Russland.

13.04.2022

«Grunnet usikkerhet knyttet til forsikringsdekningen, har Havila Kystruten utsatt avgangen til Havila Capella fra Bergen tirsdag kveld»", skriv selskapet i ei børsmelding.

Tidleg onsdag låg skipet framleis til kai i Bergen, ifølgje AIS-sporinga til skipet.

Utsetjinga er ein konsekvens av at det statseigde russiske finansieringsselsakept GTLK er sett på sanksjonslista etter at Russland invaderte Ukraina.

«Situasjonen har oppstått som følge av sanksjoner mot leasingselskapet som har finansiert Havila Capella. Havila Kystruten har etablert kontakt med norske myndigheter for å få en snarlig avklaring på situasjonen.», skriv Havila Kystruten i børsmeldinga.

Arbeider med alternativ finansiering
Mandag denne veka varsla Havila Kystruten av GTLK var sett på sanksjonslista, at Havila Kystruten dermed rekna med at GTLK ville får vanskar med å finansiere skipa til selskapet.

Etter det NETT NO kjenner til jobbar Havila Kystruten med å få på plass ei europeisk finansieringsløysing, først for å få løyst ut Havila Castor frå Tersan-verftet, deretter for alle dei fire skipa til Havila Kystruten.

Statseigd russisk långivar
Havila Kystruten er finansiert gjennom to datterselskap av GTLK, eitt i Hong Kong og eitt i Irland.

Avtalen inneber at GTLK eig skipa og leiger dei tilbake til Havila Kystruten dei neste ti åra. Avtalen opnar for at Havila Kystruten kan kjøpe tilbake skipa etter to år, og gir selskapet rett til tilbakekjøp etter ti år.

GTLK er eigd av den russiske staten, og har spesialisert seg på finansiering av transportmiddel, som skip og fly. Mellom anna er det russiske flyselskapet Aeroflot ein stor kunde. Aeroflot er no utstengd frå Vesten.

Datterselskapet GTLK Asia Limited finansierer både skipet som er sett i trafikk, men no ligg ved kai i Bergen - og Havila Castor, som skal i trafikk i mai. GTLK Europe DAC finansierer Havila Polaris og Havila Pollux, som framleis er under bygging hos Tersan Shipyard i Tyrkia.

Sævik-familiens holdingselskap, Havila Holding, er 60,42 prosent av aksjane i Havila Kystruten. Reirlaget vart børsnotert i august 2021 og aksjeverdien har skrumpa inn med kring ein firedel sidan då.

Havila Holding eig 33,34 prosent i Bakkar og Berg Media, som gir ut NETT NO

Publisert: 13.04.2022 06:30

Sist oppdatert: 13.04.2022 09:31

Mer om