Havila Capella Trondheim
MÅ VENTE: Havila Capella ligg onsdag morgon framleis til kai i Bergen og ventar på klarsignal for å segle nordover. Arkivfoto: Kjetil Haanes
Nytt

Kystruten: «Veldig kjedelig»

Kring 230 passasjerar får ufrivillig langt opphald i Bergen. Reiarlaget håper dei slepp å reise heim.

Marius Rosbach
13.04.2022

Onsdag morgon ligg framleis kystruteskipet Havila Capella til kai i Bergen og ventar på grønt lyst til å kaste loss. Uklarheit kring forsikringa, gjer at Havila Kystruten har utsett avgangen på påsketuren nordover for dei 232 passasjerane om bord.

– Vi har ikkje lov til å segle utan desse dokumenta. Det handlar om sikkerheita til alle om bord. Difor må vi gjere det valet, sjølv om det er veldig kjedelig både for oss og for alle passasjerane som hadde gleda seg til påsketur, fortel kommunikasjonsansvarleg Lasse Vangstein i reiarlaget til NETT NO.

Blir stoppa av sanksjonar

Utsetjinga er ein konsekvens av at det statseigde russiske finansieringsselsakept GTLK er sett på sanksjonslista etter at Russland invaderte Ukraina.

Kva tid forsikringsspørsmålet blir avklart kunne Vangstein ikkje svare på tidleg onsdag.

– Det er fleire ulike instansar involvert saman med forsikringsselskapet, fortel han.

Flest nordmenn og tyskarar om bord
Passasjerane og mannskapet har overnatta på Havila Capella i Bergen i natt. Om bord er det 96 nordmenn og 93 tyskarar. Resten er gjestar med andre nasjonalitetar.

Om bord får dei reisande mat og informasjon, og reiarlaget jobbar med å sette opp nokre bussar slik at dei som vil kan nytte sjansen til å sjå seg om i byen.

Håpar å segle så fort som råd
Førebels håpar reiarlaget at seglasen frå Bergen til Kirkenes kan gå no i påska. I verste fall blir skipet liggande og passasjerane må reise heim.

– Vi har selvfølgeleg planer for korleis vi skal handtere det å eventuelt få passasjerane heim, men målet er at skipet skal gå i løpet av så kort tid som mogleg, legg Vangstein til.

Publisert: 13.04.2022 09:06

Sist oppdatert: 13.04.2022 09:32

Mer om