Njål Sævik Havila Castor
OPPTUR: Havila Shipping-direktør Njål Sævik er med Havila Castor på jomfruturen, og kan glede seg over børshopp. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Børsdagen: Sævik kan smile

Offshorefest for Njål Sævik og dei andre offshorereiarane på børsen.

12.05.2022

Havila Shipping steig heile 19,7 prosent på ein elles raud børsdag. Berre Prosafe steig meir.

Herøy-selskapet har auka verdien med 37 prosent siste månaden, og heile 192 prosent på årsbasis.

Selskapet er no verdsett til 183 millionar kroner, som framleis er langt unna tidlegare høgder.

Forventar millionrater
Også dei andre offshoreselskapa steig kraftig torsdag, inkludert Ålesund-baserte Golden Energy Offshore Services, som steig 9,1 prosent.

Nest mest av offshoreselskapa steig derimot Kristian Siem-kontrollerte Siem Offshore, der kjendisinvestorar som Christian Sveaas, Arne Blystad og Celina Midelfart har kjøpt seg opp.

Høg oljepris, pressa tonnasje i Nordsjøen og utsikter til millionrater til sommaren har fått investorane til å kaste seg over tidlegare skadeskotne offshoreselskap.

Forhandlingsbrot

Torsdag vart det elles klart at forhandlingane mellom Industri Energi og Norsk olje og gass har blitt brotne. Oljeservice-oppgjeret går no til mekling.

Oljeserviceavtalen (OSANE) omfattar cirka 5.800 Industri Energi-medlemmer. Dette er tilsette i leverandørselskap i olje- og gassektoren som Aker Subsea, Halliburton, Subsea 7 og Baker Hughes.

Av dei Sævik-kontrollerte selskapa var det berre Havila Shipping som steig. Dei andre selskapa fulgte Oslo Børs nedover på ein dag der hovudindeksen gjekk ned 0,55 prosent til 1.186 poeng.

Eitt fat Nordsjøolje var ved børsslutt ned 0,8 prosent til 106,70 dollar.

Hexagon-fall
Hexagon Composites var eitt av selskapa som la fram kvartalstal torsdag. Konsernsjef Jon Erik Engeset kunne fortelje om omsetningsvekst, men der det var høgare kostnader og vanskar med å skaffe kritiske komponentar.

Marknaden svara med å sende aksjekursen ned 5,6 prosent.

Endå meir fall Hofseth Biocare, med ein nedgang på heile 6,6 prosent etter at selskapet steig 17 prosent onsdag.

Forventar emisjon
Både Salmon Evolution og Atlantic Sapphire fall 2,6 prosent, medan Statt Torsk gjorde eit hopp med 4,5 prosent.

Atlantic Sapphire har falle kraftig på børsen ettersom det er venta at selskapet må til med ein større emisjon for å finansiere utbygginga i Miami.

Ifølgje Finansavisen forventar Sparebank 1 Markets ein emisjon på 80 millionar US dollar, medan tidlegare har Norne Securities spådd emisjon på 100 millionar dollar og DNB Markets 50 millionar dollar.

Nytt fondsobligasjonslån
Sparebanken Møre opplyste på tampen av børsdagen at selskapet har fått på plass eit nytt evigvarande fondsobligasjonslån på 400 millionar kroner med flytande renter.

Aksjekursen var torsdag uendra på 80 kroner, noko som prisar selskapet til 3,95 milliardar kroner.

Publisert: 12.05.2022 16:38

Sist oppdatert: 09.06.2022 11:43

Mer om