Bygg anlegg illustrasjonsbilde 11
MANGE KONKURSAR: Bygg- og anleggsbransjen har hatt mange konkursar dei siste åra, også etter koronapandemien. Illustrasjonsfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Ny byggkonkurs to år etter den førre

Byggefirma på Vigra med milliongjeld til skattestyresmaktene.

Marius Rosbach
09.06.2021

Etter at koronapandemien slo til, har skattestyresmaktene vore avventande med å gå til skifteretten med selskap som ikkje har gjort opp for seg. No er verksemda teke opp att og Møre og Romsdal tingrett, opna måndag konkurs i byggefirmaet IDK Polarbygg.

Firmaet som blei starta i juni i fjor, skuldar 1,2 millionar kroner til skatteetaten, som difor har kravd å konkursbehandling. Det går fram av ordskurden – ei rettsleg kjennelse – frå tingretten.

Lite verdiar i selskapet
Frå rettspapira kjem det fram at eigaren og drivaren vedgjekk seg gjelda, og at firmaet var insolvent. Han fortalde også retten at det ikkje var eigedelar av verdi i selskapet.

Bustyrar Linda Brevik opplyser til NETT NO at styreleiaren har fortald at det ikkje har tilsette i selskapet no, men at det kan vere tidlegare tilsette som kan ha krav på løn eller feriepengar.

Starta nytt firma i februar
Mannen i 40-åra eig også eit anna selskap, som starta opp for kort tid sidan. Ei kunngjering frå Brønnøysundregistera, viser at IDK Bygg blei registrert 18. februar.

Firmaet skal mellom anna drive med tømrarverksemd, og er registrert med fem tilsette.

Advokat Christian Garman, som representerte eigaren i tingretten, fortel til NETT NO at han ikkje har nokon kommentar til saka.

Tre firma konkurs same dag
Mannen som har leia Giske-firmaet IDK Polarbygg, har gått konkurs tidlegare. I mai 2019 gjekk eit enkeltpersonføretak mannen eigde, over ende.

Også den gong var det eit krav frå skattestyresmaktene som utløyste konkursen mot mannen, etter krav om kring ein halv million kroner.

Bustyrar den gong avgjorde at eigaren fekk behalde aksjar i eit selskap, vedkomande trengde for å ha ei inntekt.

Var underleverandør til Nordbohus
Same dag i 2019 blei det opna konkursar i to andre byggefirma. NETT NO omtala dei tre konkursane våren 2019, som skal ha skjedd som følgje av reklamasjonar, små marginar og låge prisar.

Fleire av selskapa skal også ha blitt råka som underleverandørar til Nordbohus Ålesund, som gjekk konkurs mot slutten av 2018.

Publisert: 09.06.2021 05:55

Sist oppdatert: 09.06.2021 16:12

Mer om