Nathional geographic Resolution ulstein group Lallemand Fjord innfelt skjermfoto facebook Photo Martin Graser ulstein group 11
ANTARKTIS: Dei Ulstein-bygde ekspedisjonscruiseskipa til Lindblad har vekt oppsikt på sosiale medier og tilbakemeldingane er gode etter vintersesongen i Antaktiv. Foto: Martin Graser/Ulstein Group
Nytt

Lindblad svært nøgd med nye cruiseskip

Snart kjem dei Ulstein-bygde skipa på seglas langs norskekysten.

Marius Rosbach
25.04.2022

Ulstein Group hauster svært gode tilbakemeldingar for sine første eigenbygde cruiseskip til Lindblad Expeditions.

I vinter har systerskipa Nathional Geographic Endurance og Nathional Geographic Resolution vore på ekspedisjonscruise til Antarktis. Snart kjem dei også til norskekysten på seglas.

På cruise langs norskekysten
Frå starten av mai er det sett opp cruise med begge skipa som mellom anna skal innom Nordfjord og Loen.

Etterpå skal skipa vidare nordover på ein 17 dagar lang turen innom Lofoten og Tromsø, før seglasen endar på Svalbard, ifølgje heimesidene til Nathional Geographic Expeditions.

Det siste skipet blei levert i fjor haust, og i etterkant har verftet hatt ein rekke ombyggings- og vedlikehaldsoppdrag.

National Geographic Endurance mail 2021 Foto Marius 11
FØRSTE EIGENBYGDE: National Geographic Endurance som var verftet sitt første eigenbygde cruiseskip med X-Bow-design etter levering frå verftet. Foto: Marius Rosbach

– Toppen av kransekaka
Verftsdirektør Lars Lühr Olsen og kommunikasjonsansvarleg Tonje Øyehaug Ruud fortel at dei knapt har opplevd noko liknande både når det gjeld merksemda Lindblad-skipa har fått – og skussmåla frå mannskapet.

– For oss har tilbakemeldingane frå mannskapet vore toppen av kransekaka. Vi har aldri opplevd slik respons, fortel Olsen til NETT NO.

Skipa er dei første skipsbyggarkonsernet sjølv bygger med X-Bow-design for cruisemarknaden. Dei to 124 meter lange skipa har ein prislapp på minst 1,2 milliardar kvar.

– Vi slepper ikkje skipa «våre» heilt etter at dei er levert. Vi følgjer heile tida med kvar dei er, og føler stoltheit av å levere slike båtar, fortel Ruud.

(saka held fram under)

Igloosandpool 4740 003
IGLOO: På dekk om bord på ekspedisjonscruiseskipa kan ein blant anna slappe av i igloo. Foto: Lindblad Expeditions

«Einestående skip»

Nedteikningane frå kaptein Martin Graser kan vere beskrivande for korleis mannskapet har opplevd dei nye skipa i flåten.

– Eineståande skip, med eineståande yteevne, er konklusjonen til kapteinen etter etter eit cruise til Lallemand Fjord i Antarktis i februar.

I ei melding på Ulstein Group sine heimesider rosar Graser alt frå eigenskapane i islagde farvatn, komforten til passasjerane og sjølve utsjånaden til skipa.

Cruisemarknaden meir usikker

Konsernsjef Cathrine Marti var trygg på at vinden ville snu for cruisemarknaden då ho deltok på verftskonferansen i Ålesund i fjor.

– Eg trur du treng ein sesong i Antarktis for å få litt fart i marknaden, sa Marti den gong.

Sidan har Ukraina-krigen gjort situasjonen meir usikker. Tilbakemeldingane frå dei siste leveringane kan uansett vere «gull verdt» for konsernet om marknaden for nybygg i cruise snart snur.

Nathional Geographic Resolution foto Ulstein Group Per Eide Studio 11
SJØSETTING: Frå sjøsettinga av Nathional Geographic Resolution. Foto: Per Eide Studio/Ulstein Group

Publisert: 25.04.2022 04:59

Sist oppdatert: 25.04.2022 11:23

Mer om