Ferje fjord1 sulesund
KUTT: Frå nyttår blir ferjeprisane kutta med fem prosentpoeng samanlikna med 1. januar 2021. Dei vart allereie kutta med 25 prosent 1. juli i 2021. I tillegg blir det gratis å reise med ferje til små øyar og kystsamfunn. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Desse endringane trer i kraft frå nyttår

Auka formuesskatt, innstrammingar i tax free-kvotane, billigare ferjeprisar og dyrare tobakk. Dette er nokre av endringane som trer i kraft frå 1. januar.

28.12.2021

(NPK-NTB-Marius Helge Larsen): Ei rekkje lovendringar, skatte- og avgiftsgrep og nye ordningar trer i kraft ved overgangen til det nye året. Her er ei oversikt:

Skatt
* Regjeringa gjer fleire endringar i skattesystemet. Skatten på dei høgaste inntektene blir auka, medan han blir redusert på dei lågaste.

* Ifølgje regjeringa vil 82 prosent av skattebetalarane få lågare eller uendra skatt neste år. Dei som tener mindre enn 750.000 kroner i året, skal sitje igjen med meir.

* Formuesskatten blir auka frå 0,85 prosent til 0,95 prosent. For formuar på over 20 millionar kroner (40 millionar kroner for ektefellar) blir det innførte ein høgare sats på totalt 1,1 prosent. Botnfrådraget blir samtidig auka frå 1,5 millionar kroner i 2021, til 1,7 millionar kroner.

* Fagforeiningsfrådraget blir auka frå 3.850 til 5.800 kroner.

* Maksimalt frådrag for gåver til frivillige organisasjonar blir redusert frå 50.000 til 25.000 kroner. Endringa trer i kraft straks med verknad frå og med inntektsåret 2022.

* Verdsetjinga av aksjar og driftsmidlar blir auka frå 55 prosent til 75 prosent frå og med inntektsåret 2022. Verdsetjinga aukar òg for dyre primærbustader, slik at ho blir 50 prosent for den delen av verdien på bustaden som overstig 10 millionar kroner.

* Verdsetjinga av sekundærbustader aukar frå 90 til 95 prosent, medan formuesverdiane av fritidsbustader blir justerte opp med 25 prosent.

* Endring i reisefrådrag: Frå og med inntektsåret 2022 blir dagens to satsar for reisefrådrag erstatta med éin felles kilometersats på 1,65 kroner/km.

Avgifter
* Straumavgifta blir kutta med 8 øre per kWh i vintermånadene, medan ho blir kutta med 1,5 øre i perioden april-desember.

* Tobakksavgifta blir auka med 5 prosent meir enn det som er vanleg prisjustering. For ei 20-pakning med sigarettar inneber det at avgifta blir auka frå 55,4 kroner til 59 kroner. For snus aukar avgifta frå 85 kroner per 100 gram til 90 kroner per 100 gram.

* CO2-avgifta blir auka. Samtidig blir trafikkforsikringsavgifta redusert og vegbruksavgifta for å kompensere for auka bensinprisar.

Anna
* Frå nyttår blir ferjeprisane kutta med fem prosentpoeng samanlikna med 1. januar 2021. Dei vart allereie kutta med 25 prosent 1. juli i 2021. I tillegg blir det gratis å reise med ferje til små øyar og kystsamfunn.

* Tax free-kvoten for reisande blir endra. Etter nyttår kan ein ikkje lenger byte ut kvoten for tobakksvarer med 1,5 liter vin eller øl.

* Kulturrådet endrar namn til Kultur Noreg. Rådskollegiet som forvaltar Norsk kulturfond, skal behalde namnet Kulturrådet.

* Frå januar 2022 vil alle gravide over 35 år få tilbod om blodprøva NIPT og tidleg ultralyd.

* Nye reglar for kjøp og sal av bustad. Seljarar kan ikkje legar selje bustaden «som han er», og må ta større ansvar for å gi grundig informasjon og dokumentasjon av bustaden. Det blir òg stilt større forventningar til at kjøpar set seg inn i informasjonen. I tillegg blir det innført nye minstekrav til tilstandsrapportar i bustadhandelen.

* Barnevernsreforma trer i kraft 1. januar. Kommunane får auka fagleg og økonomisk ansvar for barnevernet. Den overordna målsetjinga for reforma er at fleire barn skal få rett hjelp til rett tid og at tenestetilbodet i større grad skal tilpassast lokale behov.

* Endringar i reglane for trus- og livssynssamfunn. Etter nyttår kan dei nektast økonomisk tilskot dersom dei får bidrag frå statar som ikkje respekterer trus- og livssynsfridommen.

* Fleire kan få fri rettshjelp. Endringa i forskrift om fri rettshjelp inneber at inntektsgrensene for einslege blir auka frå 246.000 kroner til 320.000 og for par frå 369.000 kroner til 490.000.

* Kravet til opphaldstid ved søknad om statsborgarskap blir heva, slik at søkjarar som hovudregel må ha til saman åtte års opphald dei siste elleve åra, med opphaldsløyve på minst eitt år.

* Nivået for lovleg konsentrasjon av svevestøv i utelufta blir senka. Dette kan føre til at fleire kommunar må innføre tiltak.

* Frå 1. januar 2022 har dødsbu ein frist på tre år til å sørgje for at landbrukseigedom i buet blir overført til ny eigar.

Publisert: 28.12.2021 13:52

Sist oppdatert: 28.12.2021 13:55