Eldar Sætre Ålesund
ÅLESUND: Tidlegare Equinor-topp Eldar Sætre meiner at det for Nordvestlandet og Norge er viktig å ta vare på og utvikle næringsklyngene. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

– Det handlar om å gjere ting skikkeleg

Eldar Sætre såg aldri på seg sjølv om toppsjef og meiner oljearbeidar slett ikkje er eit fortidsyrke.

07.01.2022

– Nei, vi skal ha både olje- og gassproduksjon i tiår framover, men den produksjonen skal vi gjere så miljøvenleg som muleg.

Eldar Sætre gjekk heilt til topps i norsk næringsliv då han i november 2014 vart toppsjef i dåverande Statoil, Norges desidert viktigaste selskap - og eit selskap som betalar 78 prosent av alle inntekter på norsk sokkel inn i den norske felleskassa.

Etter førti år i same selskap, slutta 65-åringen i mars i år.

Han er oppvaksen på Sætre i Vartdal, og etter skule i Volda og Bergen, starta Sætre i 1980 som økonomikonsulent i dåverande Statoil. Han rykte gradvis oppover, og vart konsernets økonomi- og finansdirektør i 2003, før han overtok som konsernsjef då Helge Lund gjekk av.

Denne artikkelen stod på trykk i det siste NETT NO-magasinet. Du kan lese heile magasinet her.

Vartdal er heime
Sætre seier han aldri hadde tenkt på seg sjølv som toppsjef, og slett ikkje i Norges desidert største selskap.

– Men eg hadde arbeidd nær ulike konsernsjefar gjennom så mange år, at det eigentleg ikkje var ein stor overgang inn i det heilt ukjende. Og eg angrar absolutt ikkje på at eg til slutt sa ja.

Han vert karakterisert som roleg og jordnær. Ein som har begge føtene på bakken.

– Det handlar eigentleg om å gjere ting skikkeleg. Det har eg alltid vore opptatt av, heilt frå oppveksten, seier snikkarsonen frå Vartdal.

Han reknar framleis Vartdal som heime, sjølv om han siste 40 åra har budd i Sandnes og i Bergen.

– Ja, Vartdal vil alltid vere heime, seier Sætre, som sa nei til styreplass i internasjonale storkonsern, og i staden ja til å verte styreleiar i Vartdal Plast.

– Ei bedrift eg er imponert over og skikkeleg stolt av.

Ingen klimagevinst å kutte norsk olje
Før han gjekk av, la Sætre kraftig om strategien til Equinor. Dei skulle gå gradvis over frå å vere eit reint olje- og gass-selskap til å verte eit breidt energiselskap, der ein også satsa på fornybar energi og lavutsleppsløysingar.

Selskapet er allereie tungt inne i offshore vind, og Sætre sa blant anna ja til at Equinor skal bruke 50 milliardar kroner på å kutte sine eigne klimagassutslepp. Det skal blant anna skje gjennom elektrifisering av sokkelen.

Målet er 40 prosent reduksjon innan 2030 og null utslepp i 2050.

Han meiner at det ikkje vil gi klimagevinst å kutte norsk oljeproduksjon så lenge verda etterspør olje.

– Den oljen verda treng, vil uansett bli produsert. Då er det best å utvinne olje og gass der utsleppa i produksjonsfasen er lavast. Det er blant anna i Nordsjøen, og her vil utsleppa gå vidare ned.

– Å redusere den mest karboneffektive produksjonen først, vil gi høgare utslepp og den motsette effekten av det vi alle ønsker. Vi må starte i rett ende av problemet, seier Sætre.

Då er det best å utvinne olje og gass der utsleppa i produksjonsfasen er lavast. Det er blant anna i Nordsjøen, og her vil utsleppa gå vidare ned
Eldar Sætre

Frå olje til grønt skifte
Han avviser at oljearbeidar er eit yrke som høyrer fortida til.

– Vi må ha stoltheit rundt yrket og i det å produsere olje og gass, men då er det også viktig at dette skjer på ein mest muleg berekraftig måte.

Sætre seier at det er nettopp den type kompetanse som oljearbeidarar sit på, som trengst for å få til det grøne skiftet.

– Equinor satsar no stort på havvind og CO2-fangst og lagring. Til dette er det oljeingeniørar og oljeøkonomar vi brukar. Vi har nesten ikkje hatt behov for å tilsetje nye folk.

– Den unike kompetansen som finst blant tilsette i norsk olje og gass, kan lett overførast til andre område. Faktisk er denne kompetansen avgjerande for å få til eit skifte.

Viktige klynger
Den tidlegare Equinor-direktøren er optimistisk på Norge sine vegne, sjølv om pengestraumen frå Nordsjøen til pensjonsfondet gradvis vil minke. Like fullt er det venta at Equinor vil bidra med nye 3.000 milliardar kroner innan 2030.

– Vi har alle mulegheiter til å vere verdsleiande innanfor ei rekke område, ikkje minst innanfor offshore vind.

– Men det er viktig at vi utnyttar dei fordelane vi har, inkludert at vi byggjer vidare på dei sterke næringsklyngene vi har langs kysten, seier Sætre.

Ps: Denne artikkelen stod på trykk i det siste NETT NO-magasinet. Du kan lese heile magasinet her.

Publisert: 07.01.2022 09:02

Sist oppdatert: 07.01.2022 09:19

Mer om