Rundeskatten montasje IKKE GJENBRUK Foto NPK
DELAR AV FUNNET: Dei svenske sportsdykkarane Bengt-Olof Gustafsson og Sefan Persson med delar av myntane dei fann på havbotnen utanfor Runde i Møre og Romsdal i juli i 1972. Foto: NTB-arkiv / SCANPIX
Nytt

– Det var som Onkel Skrue i pengebingen

Les historia om då to svenskar og ålesundaren Eystein Krohn Dale fann Rundeskatten for 50 år sidan.

NPK
16.07.2022

(NPK-Bent Tandstad): Det nederlandske handelsskipet «Akerendam» vart knust mot klippene på nordsida av øya Runde på Sunnmøre i mars 1725.

Denne sommaren er det 50 år sidan tre sportsdykkarar fann eventyrlege skattar frå havaristen på havbotnen utanfor fugleøya.

– Det var som Onkel Skrue i pengebingen. Vi vassa i mynt, sa svenske Bengt-Olof Gustafsson i eit intervju i samband med ein dokumentar NRK laga i 2011. Gustafsson er no død.

Saman med kameraten Stefan Persson reiste han til Ålesund denne sommaren for å finne spennande stader å dykke.

Dreiv dykkarforretning i Ålesund
I Ålesund kom dei i kontakt med Eystein Krohn Dale, som dreiv dykkarforretning i byen. Han inviterte dei to svenskane med på ein dykkartur utanfor Runde med båten til dykkarklubben, der også fleire andre medlemer i klubben var med.

Det utvikla seg til ein heidundrandes fest om bord i klubbåten «Merkur II» laurdagskvelden. . Sant å seie var det berre dei tre overnemnde som orka å ta på seg dykkardraktene morgonen etter, søndag 16. juli. Målet var å studere kreps og andre sjødyr, men det var heilt andre ting som møtte dei tre lett urvne amatørdykkarane då dei kom ned på botnen.

«Först trodde jag inte det var sant»
Dei hadde først tenkt å dykke ein annan stad, men vêret gjorde at dei valde akkurat denne staden

Det var Persson som kom over gull- og sølvteppet i ei glenne inne i ein rundt tre meter høg tareskog. Det var snakk om eit rundt 70 centimeter tjukt teppe av myntar på eit område på rundt 10 kvadratmeter.

«Först trodde jag inte det var sant, men så tenkte jag at här får jag vel fylla lommerna, så jag kan visa til barnebarnen», sa han til ein journalist frå Sunnmørsposten.

Fakta om Rundeskatten

Den nederlandske skipet «Akerendam» gjekk ned ved Runde 8. mars 1725, nær ein og ein halv månad etter avgang frå Nederland med Indonesia som mål.
  • * «Akerendam» var bygd 1724 og var 145 fot langt.
  • Vraket oppdaga av sportsdykkarar 16. juli 1972.
  • I løpet av 1972 og 1973 vart det funne om lag 57.000 myntar og fragment, fordelt på 6625 gullmyntar og 49.808 myntar av sølv. I tillegg eit uidentifisert tal fragment av myntar med ei samla vekt på 4 kilo
  • Fem av dei 19 pengekistene om bord vart berga kort tid etter forliset og sendt tilbake til Nederland. Dette arbeidet vart leidd av den nederlandske konsulen.
  • Av funnet i 1972 fekk finnarane 75 prosent, den norske staten 15 prosent og den nederlandske staten ti prosent.
  • I 1978 vart det meste av Rundeskatten selt på ein auksjon i Zürich for cirka 2,75 millionar kroner.

Kjelde snl.no

Skru tilbake til Nederland år 1725
La oss gå tilbake i tida, til øya Texel i Nederland 19. januar 1725. Kaptein Nicolas de Roly var stolt av flaggskipet «Akerendam», spesialbygd for å ta del i trafikken til den asiatiske kolonien Indonesia. På jomfruturen går skipet ut i Nordsjøen saman med søsterskipa «Gaasperendam» og «Kockenge» med kurs for Indonesia.

Dei tre skipa tilhøyrer Det nederlandske austindiske kompani, som truleg var det største handelsselskapet i verda på den tida.

Den raskaste ruta mot Indonesia ville ha vore gjennom Den engelske kanal og så sørover derfrå. Men utstrekt sjørøveri og kaper-verksemd i området gjorde at kapteinen valde å ta omvegen inn i den norske delen av Nordsjøen, og så gå rundt dei britiske øyane før dei skulle gå sørover igjen.

Runde 3
UTSTILLING: Gull- og sølvmyntar frå Akerendam utstilte ved Runde miljøsenter. Foto: Kjetil Haanes
Ein forrykande storm

Her kom dei tre skipa inn i ein forrykande storm frå nordvest og kraftig snøfall. Seglskipa kom bort frå kvarandre, og «Akerendam» dreiv inn mot klippene på nordsida av Runde. Dei hadde ingen sjanse. Det var svarte natta og havet var i kok, kombinert med tett snødrev.

Skipet vart fullstendig knust i samanstøyten med fjellet, og alle dei rundt 200 om bord drukna.

Det finst ikkje måleri eller teikningar av «Akerendam», men det var snakk om eit svært stort seglskip.

Under den første sjøforklaringa etter forliset fortalde innbyggjarar frå Runde og naboøyane at dei hadde funne mange døde menneske langs strendene etter forliset. Alle var nakne og «maltrakterte», heitte det i rettsreferatet.

(saka held fram under)

Runde 1
DOTTER: Kaja Runde (t.h.) i samtale med Anna Persson, dotter til Stefan Persson, under opninga av utstillinga med Rundeskatten nyleg. Foto: Kjetil Haanes

200 menneska miste livet
Det gjekk ei stund rykte om at det var dei lokale som hadde stole kleda av kroppen på dei døde, men dette vart avvist av dommaren. Årsaka var dei sterke naturkreftene.

Dei 200 menneska som miste livet i forliset var ei blanding av soldatar, adelege, handelsfolk, kvinner og barn. Det var dårlege tider i Nederland, og det var mange som gjerne ville prøve lukka i koloniane. Ein del hadde med seg alt dei eigde på turen, og mange av dei var velståande. I tillegg var det pengar som skulle gå til lønningar og kjøp av handelsvarer i Indonesia.

Eg fekk sjokk då eg såg kva som var på bileta
Jan Ove Steffensen

Sommarvikar på vakt
Jan Ove Steffensen var sommarvikar på fotoavdelinga i Sunnmørsposten sommaren 1972. Han var den første som tok bilete av skatten frå «Akerendam». Men dei tre sportsdykkarane greidde å halde funnet hemmeleg i fleire dagar. Først laurdag 22. juli kom nyheita om Rundeskatten på trykk i Sunnmørsposten.

«Et teppe av gull- og sølvmynter» stod det med feite typar over heile breidda av førstesida.

– Eg var på kveldsvakt då Eystein Krohn Dale, som eg kjende frå før, og dei to svenskane kom opp til meg på fotoavdelinga og ville ha hjelp til å framkalle ein film. Eg fekk sjokk då eg såg kva som var på bileta. Har de funne pengar? ropte eg ut frå mørkerommet, minnest Steffensen.

– Og det til dei grader, var svaret frå Dale, og han viste fram ein lerretspose full av full og sølv.

Rett på politikammeret
Så var det rett opp på politikammeret der dei fortalde om funnet ved Runde, og Steffensen fekk ta det første biletet av myntane frå «Akerendam». Og dermed var sirkuset i gang.

Sunnmørsposten hadde den gongen reportasjebåten «Svint», som var mykje brukt rundt om i distriktet. Dei var dei einaste som fekk fotografere ute ved funnstaden. «Svint» frakta med seg tomme oksygenflasker om kvelden tilbake til Ålesund, og kvar morgon kom dei ut til dykkarane med nyfylte flasker.

Slik fekk Jan Ove Steffensen sikra seg eksklusive bilete frå båten der dykkarane kom opp med stadig nye postar med myntar. Det var enorme mengder.

Rundeskatten IKKE GJENBRUK foto npk 22
PÅ DEKK: Pengesortering på dekket av «Mercur» II. Dei tre finnarane henta opp kilovis med myntar. Frå venstre Steffan Persson, Bengt Olof Gustafsson og Eystein Krohn Dale. Foto/Copyright: Jan Ove Steffensen.
Life og Stern ville ha bilda

– Eg fekk tilbod frå amerikanske Life Magazine om å selje bilete til dei, og det var ikkje småpengar dei tilbaud. Då hadde finnarane alt inngått avtale med tyske Stern om internasjonale rettar til bilete. Eg snakka med juristen til Norsk Journalistlag om kva eg skulle gjere, og han rådde meg til å ikkje selje til Life. Eg kunne risikere å hamne i ein rettsstrid mellom Life og Stern, og då kunne eg bli økonomisk ansvarleg, sa han. Så eg måtte berre droppe det, seier Steffensen.

Han fortel at det var med tungt hjarte, for Life sa at dei var villige til å betale den same summen Stern hadde betalt for i tyske mark, i dollar. Marken stod i rundt to kroner, medan dollaren var rundt sju.

– Eg må tilstå at eg hadde både nedbetaling av studielån og eigenkapital til hus i tankane. Eg var nygift og hadde planar om å byggje, seier han.

– Journalisten og fotografen frå Stern var erfarne krigsreporterar, og ein av dei var dykkar. Men dei juksa litt. Dei tok med seg vaska myntar frå båten ned til botnen for å fotografere. For myntane nede på botnen såg heilt annleis ut enn dei som var vaska, humrar han.

Rundeskatten IKKE GJENBRUK foto npk 44
FAKSIMILE: Sunnmørsposten måndag 24. juli 1972.

Lei av å snakke om det
Eystein Krohn Dale er lei av å snakke om det som skjedde sommaren for 50 år sidan, men han opna litt opp i eit intervju med Dagbladet Magasinet for eit par år sidan. Det at dei tre valde å halde funnet hemmeleg for dei andre i dykkkarbåten, var vanskeleg for 26-åringen frå Ålesund.

– Eg hadde litt sjelekvalar, eg må innrømme det. At eg hadde alliert meg med to svenskar som eg ikkje kjende, i staden for å informere dei andre om bord, som var venene mine. Men, det var slik det blei, seier han i intervjuet.

Han er heilt klar på at funnet endra livet hans.

Eystein Krohn Dale har bygd opp elektroentreprenør-selskapet ACEL frå grunnen av til det som i dag er eit konsern med 145 tilsette. Sjølv har han trekt seg tilbake frå den daglege drifta.

Finansierte studiar i London
Krohn Dale selde sin del av skatten i 1978. Dette salet finansierte studiar i London, så pengane kom godt med,

– Men når eg ser meg tilbake, var det ikkje pengane eg hadde mest nytte av. Ein ting var viktigare. Eg lærte mykje om forhandlingar gjennom prosessen og eigarskapen. Eg fekk enormt nyttige erfaringar som har hjelpt meg seinare i livet. Eg blei ein annan person eg hadde vore fram til alt dette skjedde, sa han til Dagbladet i 2020.

27. juli 1972 melde Sunnmørsposten at myntfunnet hadde passert 300 kilo, og at det stadig var meir på botnen.

– Aldri meir skattejakt på meg, stønna ein utmatta Eystein Krohn Dale til avisa.

Det var både det fysiske slitet med å få opp skatten, men også den enorme pågangen frå både norsk og internasjonal presse.

«Same kor mykje sant det må vere i segna om andre skipsvrak og skjulte skattar utanfor Runde, så kjem ikkje dei tre til å delta i jakta. Dei har fått nok både av surt og søtt», skreiv Sunnmørsposten.

Rundeskatten IKKE GJENBRUK FOTO Npk 33
TV-INTERVJU: Eystein Krohn Dale (t.v.) blir intervjua av ein TV-reporter om funnet av vraket av «Akerendam». I løpet av tre veker klarte Dale og dei svenske sportsdykkarane Bengt-Olof Gustafsson og Stefan Persson å ta opp nær eit halvt tonn med myntar. Foto: NTB-arkiv / SCANPIX

Jubileumsutstilling
Ute på Runde, ytst mot storhavet i Herøy kommune, finn vi Runde miljøsenter. Her er delar av skatten utstilt, og denne sommaren har dei også ei stor utstilling om myntfunnet for 50 år sidan. Cecil Elisabet Nerbø er dagleg leiar for Opplev Runde, som er eit dotterselskap av miljøsenteret. Ho ventar at mange, ikkje minst utlendingar, vil vitje utstillinga.

– Ved sida av myntane viser vi fram ein del kanonkuler, klede, kokekar, porselen, flasker og mange fleire artefaktar frå «Akerendam». I tillegg har vi ein vegg med bilete frå arbeidet med å få opp myntane, og vi har også ein dokumentarfilm, seier Nerbø til NPK.

Det er også viktig å få fram, seier ho, at det var mange kvinner og barn blant dei 200 som miste livet i forliset i 1725. Dette viser igjen på ein del av funna, blant anna små brodersaker.

Historier om fleire forlis
Ho fortel at utstillinga vil fortelje om det som skjedde etter forliset, og litt om forteljingar og segn om andre skip som skal ha forlist utanfor Runde. Det blir blant anna fortalt om «Castillo Negro», som skal ha vore ein del av den spanske armadaen som prøvde å knuse den britiske flåten.

Ifølgje den lokale tradisjonen skal skipet ha gått ned utanfor Runde og vere fullt av gull og andre verdisaker. Andre kjelder seier at det ikkje var særleg med verdiar om bord, og at forliset skjedde like ved Skottland.

Det er heller ikkje umogleg at forteljingane om «Akerendam» og «Castillo Negro» har vorte blanda saman opp gjennom åra.

Den dansk-norske forfattaren Magdalena Thoresen, som var gift med dåverande prost Hans Conrad Thoresen i Herøy, skreiv i 1872 dette om innbyggjarane i Herøy:

«Man levet kristelig og ernærte sig av vrak».

Hans Conrad Thoresen var far til Susanne Thoresen, som vart gift med Henrik Ibsen.

Publisert: 16.07.2022 05:00

Sist oppdatert: 15.07.2022 21:40

Mer om