Raudbergvika oppdrett storfjord illustrasjon Moldskred 11
STORE PLANAR: Slik kan anlegget til World Heritage Salmon ved Raudbergvika bli sjåande ut frå utsida. Før ei endeleg godkjenning er på plass, skal fleire etatar og institusjonar seie si meining. Illustrasjon: Moldskred
Nytt

Grønt lys frå fiskeridirektoratet til Raudbergvika

Avgjerande steg for store planar om landbasert oppdrett. Men statsforvaltaren vil vente med å vurdere saka.

Marius Rosbach
22.03.2023

Planane om eit landbasert oppdrettsanlegg i dei nedlagde gruvene på Raudbergvika er eit avgjerande steg vidare etter at Fiskeridirektoratet har gitt grønt lys til prosjektet.

Roger Hofseth og selskapet World Heritage Salmon har planar om å investere store summar i Storfjorden, og bygge det som kan bli eitt av dei største landbaserte oppdrettsanlegga i verda.

Nyleg kom Fiskeridirektoratet med si uttale om saka, og konklusjonen er at direktoratet meiner satsinga ikkje vil medføre negative konsekvensar for fiskeriinteressene i sjøarealet utanfor anlegget.

- Eg trur det går vegen og at vi kjem i mål, seier Roger Hofseth til NETT NO.

Også Kystverket har gitt grønt lys frå deira side.

Det er likevel eit stykke fram til ein godkjent konsesjon for å drive oppdrett.

Roger hofseth raudbergvika 11
STORFJORDEN: Inne i dei nedlagde olivingruvene i Storfjorden vil Roger Hofseth satse på landbasert oppdrett. Foto: Marius Rosbach

Kan ha klar reguleringsplan i haust
Møre og Romsdal fylkeskommune er dei som eventuelt skal gi den endelege godkjenninga.

Rådgjevar for akvakultur Rebekka Varne i Møre og Romsdal fylkeskommune fortel at dei no ventar på at saka skal behandlast hos kommune og fagetatar.

- Vi får ikkje gjort saka ferdig frå vår side, før dette er på plass, seier Varne til NETT NO.

Første steg på vegen er ein godkjent reguleringsplan for området i Storfjorden. Planleggar og sakshandsamar Martin Hove i Fjord kommune anslår at ein reguleringsplan kan vere klar for vedtak til hausten.

- Den har vore ute på høyring ein gong der mykje blei avklart, men det kan dukke opp nye ting, seier han til NETT NO.

Utslepp til fjorden og forholdet til verdsarven er mellom spørsmåla som skal vurderast.

Statsforvaltaren vil vente
Etter at kommunepolitikarane i Fjord eventuelt har godkjent ein reguleringsplan, kan saka gå vidare for endeleg godkjenning hos sektorstyresmaktene.

Mattilsynet skal vurdere saka etter matlova, og statsforvaltaren skal vurdere utsleppsløyve etter forureiningslova.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har protestert mot planane, og har nyleg opplyst at dei ikkje vil behandle søknaden etter forureiningslova før den kommunale reguleringsplanen er på plass.

Bad Miljødirektoratet vurdere saka
Avgjerda kjem etter at Statsforvaltaren bad Miljødirektoratet vurdere om dei i staden burde handtere saka.

I svaret frå Miljødirektoratet kjem det fram at Statsforvaltaren var redd dei ikkje vart oppfatta som habile i saka, etter at dei hadde uttalt seg sterkt kritisk til etablering av anlegget.

Direktoratet meiner det ikkje er grunn til å trekke habiliteten til Statsforvaltaren i tvil, men rår til at spørsmålet om utsleppsløyve bør vente til reguleringsplanen er godkjent.

Ser ikkje særlege grunnar til å løfte saka
Miljødirektoratet konkluderer samtidig at det ikkje er særlege grunnar knytt til forureining, som gjer at saka bør løftast til deira nivå.

Sjølve oppdrettsanlegget skal plasserast inne i fjellet der det er planlagt 15 store hallar på 400 meter. Målet på sikt er ein produksjon på kring 100.000 tonn årleg når alt er ferdig utbygd.

Statsforvaltaren har vist til at det er eit særdeles stort anlegg, og er uroa for utsleppa. Til det svarar direktoratet at dei vurderer at saka ikkje skil seg frå andre søknader om oppdrettsverksemd.

Publisert: 22.03.2023 05:00

Sist oppdatert: 22.03.2023 05:16

Mer om