A btoken idea
PÅ VILLSPOR: Nye rapporteringkrav om miljø, arbeidsvilkår og god selskapsstyring fører ikkje til at måla som ligg bak etablering av rapporteringskrava blir innfridd, etter "The Economist" si vurdering.
Nytt

Gir strykkarakter til det "alle" vil satse på

Nyhendemagasinet "The Economist" kritiserer ein av dei store trendane i næringsliv og politikk.

31.07.2022
ANALYSE

ESG er ei forkorting for environmental, social og governance - miljø, sosiale vilkår og verksemdstyring.

Bedriftene skal ikkje lenger berre rapportere om økonomiske resultat og status, men også mellom anna kor mykje CO2 dei slepp ut, arbeidsvilkår for eigne tilsette og hos leverandørar og korleis bedrifta blir styrt.

Bærekraftansvarleg er ein stillingskategori i vekst, og advokat- og revisjonsselskap kappast om å tilby råd og rettleiing.

EU, med Noreg på lasset, er ein pådrivar for å bruke ESG-rapportering som eit verktøy for å drive fram ei utvikling med mindre CO2-utslepp, mindre forureining, betre arbeidsvilkår, meir likestilling, mindre diskriminering, mindre korrupsjon og generelt mindre juks og fanteri i næringslivet.

Med ESG skal alt blir bra.

ESG er noko tilsynelatande "alle" er opptekne av og vil satse på. I 2017 var det så å seie ingen av dei 500 største selskapa på New York-børsen som skreiv noko om ESG i kvartalsrapportane sine. I fjor gjorde 150 det.

EU har starta med E, altså miljø, og utviklar sin såkalla taksonomi - eit system for rapportering av miljøstandarden i bedriftene. I første omgang er rapporteringskrava retta mot finanssektoren og dei største bedriftene, men ambisjonen er å utvide taksonomien til også å dekke S (sosiale vilkår) og G (verksemdstyring), og hos stadig større deler av næringslivet.

Gulrota skal vere at bedrifter som er gode på ESG skal få tilgang på billegare finansiering enn dei som er dårlege.

I 23-29 juli-utgåva si gir det britiske nyhendemagasinet "The Economist" både ideen og utviklinga av ESG krass kritikk på leiarplass, i tillegg til fleire sider med artiklar om temaet.

Tre bokstavar som ikkje vil redde verda, er karakteristikken forkortinga ESG får i tittelen.

Grunnen til kritikken er ikkje at nyhendemagasinet er usamd med måla, og spesielt ikkje med målet om å redusere utslepp av CO2. Grunnen for kritikken er at magasinet meiner ESG ikkje er rett middel. Ein bør nøye seg med å måle og rangere bedriftene etter CO2-utslepp, meiner "The Economist".

ESG står i fare for å bli ei forkorting som står for "exaggerated, superficial guff", skriv magasinet på leiarplass. Det kan oversettast med overdrive, overfladisk nonsens.

ESG-ideen og -praksisen har tre grunnleggande problem, slik "The Economist" ser det:

* For mange og motstridande mål, og mangel på avklaring på korleis dei ulike måla skal vegast opp mot kvarandre.

* Uvisse om i kor stor grad det løner seg å score høgt på ESG-kriterium.

* Dårleg system for måling og rangering.
Ulike kredittrangeringsbyrå, som vurderer økonomisk resultat og status for bedriftene, har nesten heilt samanfallande resultat i sine vurderingar av kvar bedrift. Resultatet blir nesten heilt likt, uavhengig av kva kredittratingselskap som gjer jobben.
For ESG-rapportering spriker vurderingane frå dei ulike selskapa som tilbyr ESG-rangering. Om fleire ratingselskap gjer ESG-rangeringar av same bedrift, vil det vere 50 prosent samsvar mellom rangeringane.

Den siste innvendinga betyr med andre ord at det er stort rom for bedrifter til å få den ESG-ratinga dei ønskjer seg.

Saman med generell uro i finansmarknaden har auka skepsis til ESG-praksisen gjort at det har blitt tyngre å skaffe kapital til fond som vil investere såkalla bærekraftig, ifølgje nyhendemagasinet.

I Møre og Romsdal lanserte administrasjonen i fylkeskommunen eit framlegg om at fylkeskommunen skulle bli medinvestor i eit selskap som skal arbeide med bærekraftsspørsmål. Bærekraftselskapet skulle mellom anna samarbeide med bærekraftratingselskap R8me som fylkeskommunens deleigde selskap - Fylkeshuset as - har blitt medeigar i.

Det var ein ide som var så dårleg utvikla og presentert at fylkespolitikarane utsette heile greia.

Om ideen kjem opp att er det kanskje greitt å vite at det ifølgje "The Economist" no er 160 selskap som driv med ESG-rating på verdsbasis - og det det foregår ei konsolidering i bransjen. (Kredittrangeringsbransjen er til samanlikning dominerte av få og store selskap). Kor lett det er for eit delvis offentleg eigd selskap i Møre og Romsdal å slå gjennom i denne marknaden vil eventuelt vise seg.

Publisert: 31.07.2022 05:00

Sist oppdatert: 03.08.2022 16:13